17. mai feiring i Kvitsjøen
Det var i 1927 og vi gjekk frå Ålesund med «Furenak» den 16. februar. Nordover langs kysten fekk vi nokså dårleg vêr og då vi kom til Vardø låg frostrøyken tjukk som skodde i fjorden. Men vi heldt fram austover og då vi kom inn mot isen i Kvitesjøen fekk vi nordvest storm. Inne ved land var det likevel ope (isfritt) så vi kom oss inn til Kapp Orlov, og på ei fin bukt der ankra vi opp for natta.