Uda
Eigar | 1913 A/S Uda, Florvåg på Askøy (Ole M. Karlsen, Florvåg, Carl J. Asbjørnsen, Florvåg, Andreas Røren, Brandal, Ingolf Rieck, Bergen, Santos Dnielsen og Jan Danielsen. 1915 Benjamin Henriksen, Ålesund 1919 A/S Fangstrederiet Uda, Bergen (Andreas Bragstad, Eilif Frøland, Chr. Campell Andersen, Chr. Ameln, Erling Ræstad, Harald Henriksen, R.A Henriksen og Ludv. Kjær & Co. 1921 Benjamin Henriksen, Ålesund |
Fartytype | Selfangar |
Reg. merke | M 182 A |
Heimehamn | Bergen - Ålesund |
Byggeverft | Knut Skaaluren, Rosendal |
Byggeår | 1912 |
Byggematerial | Tre |
Mål i lengde, byggeår | 92,5 fot |
Mål i lengde etter ombygging | 95 fot |
Mål i breidde, byggeår | 21,7 fot |
Mål i djupne, byggeår | 9,4 fot |
Tonnasje | 112 brt |
Maskin, orginalt | Mjellem & Karlsen 70 ihk 1902 mod |
Maskin, ny | 1915 Bergens MV 2 syl. comp. 106 ihk |
Skipperar | Andreas Røren (1913) Ludvig Hildre Knut Nakken (1914-1915) J. Sulebust (1916-1918) Johan Kvitnes (1919) Remmen (1920) Bertel Landmark (1922) |
Ombyggingar Verft | Ombygd og ny maskin i 1915 etter at den gamle propellakslingen vart øydelagd i isen. |
Forlist | Forliste ved isskruing i Vestisen 23. april 1923 |
Utfyllande opplysningar | Første gang på ishavet i 1913. 6. april 1923 under fangst i Vesterisen merka mannskapet ei stor lekkasje i akterenden. Men dei klarte å halde skuta lens med pumpene. Dei komande dagane auka lekasjen, men dei fortsette likevel fangstinga og pumpa på tørn. 18. april vart lekkasjen så dramatisk at dei måtte slutte av fangstinga. Om morgonen 22. april auka lekkasjen enno meir. «Flemsøy» låg i nærleiken og vart no tilkalla. Dei ville freiste å tette lekkasjen. I tillegg til lekkasjen akterut hadde skuta no også byrja å leke i baugen. Dette auka på så dei klarte ikkje å halde den lens med pumpene. Folka frå «Flemsøy» som var ombord i «Uda» for å hjelpe til, meninte no at det var uforsvaleg å opphalde sg ombord lenger. Det vart kalla inn til skipsråd ombord i «Uda» «…det falt da enstemmig den beslutning, at ingen vilde løbe den risiko at følge skibet hjem». Mannskapet på «Uda» forlet havaristen og tok seg ombord i Flemsøy». «Uda» gikk ned 23. april. |