Tryg I
Eigar | 1904 Olai Nilsen Aarland ???? H.K Skaar og Sakarias Yttreland 1916 A.E. Rensvik, Ålesund 1921 Petersen, Ringdal & Co. AS, Ålesund (P.C Petersen, Nils A. Ringdal og Jørgen Østensen) 1925 Skanche & Co., Mehamn 1926 P.C. Skanche, Mehamn 1936 Feddersen & Nissen, Mehamn 1950 (?) Henrik Nissen ???? Asbjørn Oldervik |
Fartytype | kutter |
Reg. merke | M 178 A F 1 G |
Heimehamn | Ålesund - Mehamn - Hammerfest - Aure |
Byggeverft | Ottesen skipsbyggeri, Sagvåg |
Byggeår | 1904 |
Byggematerial | Tre |
Mål i lengde, byggeår | 59 fot |
Mål i lengde etter ombygging | 74,3 fot |
Mål i breidde, byggeår | 18,5 fot |
Mål i breidde etter ombygging | 18,7 |
Mål i djupne, byggeår | 7,4 fot |
Mål i djupne etter ombygging | 7,7 |
Tonnasje | 40,83 brt 71,26 brt |
Maskin, orginalt | Segl |
Maskin, ny | 1916 Skandia 80/100 hk. ca 1936 50 hk Union. 1966 140 hk Normo |
Skipperar | I.K. Klubbenes 1919 |
Ombyggingar Verft | 1944 ombygd og forlengd ved Lindstøl skips- og båtbyggeri |
Kondemnert | Kondemnert 1972 senka i Halsafjorden. |
Utfyllande opplysningar | Første gang på selfangst i 1919, elles sildefiske og fraktfart. «Tryg 1» var ikkje på selfangst etter 1936. Under selfangst i Kvitesjøen i 1923 kom ein av mannskapet, Mander Arnesen, bort. Det var ingen vitne som kunne forklare kva som hadde hendt, men dei fann hua og hakapiken hans i ei råk. 9. april 1942 vert «Tryg 1» sett inn i postrute mellom Tromsø og Finnmark. Etter berre ein tur vert båten rekvirert av tyske styresmakter. Etter krigen går båten for det meste i fraktfart. Den nye motoren frå 1966 vart flytta over til «Gyda 1» før «Tryg 1» vart senka. |