Sjannøy

Andre namnPolarfangst 1975
Eigar1949 P/R Sjannøy, Ulsteinvik v/Oskar Garnes (Oskar Garnes, Sigurd Remøy, Knut O. Garnes, Knut N. Garnes og Hans K. Haddal)
1954 P/R Sjannøy, Ulsteinvik v/Oskar Garnes (Oskar Garnes, Sigurd Remøy, Knut O. Garnes)
1967 Ole og Kjell Garnes, Ulsteinvik
1975 Paul Stark, Tromsø
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM-41-U
T-9-T
HeimehamnUlsteinvik - Tromsø
ByggeverftErik Lindstøl, Søndeled, Risør - bygg nr. 236
Byggeår1949
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår104,7 fot
Mål i lengde etter ombygging112,7 fot
Mål i breidde, byggeår24,3 fot
Mål i djupne, byggeår11,6 fot
Tonnasje188,09 brt 1949
204 brt
Maskin, orginaltCrossley 450 hk
Maskin, ny1967 Wichmann 750 hk
SkipperarOskar Garnes
Jon Hamar
Ole Garnes
Paul Stark
Ombyggingar Verft1965 montert kraftblokk
1967 ny maskin innsett ved Smedvik mek. Verksted
1969 innbygde gangar akter
1970 modernisering ved Myklebust verft, påsett plater i baugen, isfinnar, ny hjelpemotor og styremaskin, nye lygarar akterut og nytt galgedekk.
ForlistForliste i Vestisen 16. april 1980
Utfyllande opplysningar

Namnet «Sjannøy» skriv seg frå Shannonøya på Aust-Grønland. Det var Helene Lindstøl som døypte skuta dette namnet då den vart sjøsett i januar 1949.

Den fekk sin første tur på selfangst i 1949, men dei var seint ute og kom ikkje til Newfoundland før 3. april. Etter få dagar i fangst får den skade på propellen. Ein venge vart slått av og akslingen benda. Men dei fortsette med sakte fart. «Veslekari» slepte skuta ut av isen då sesongen var over, så segla dei heim, med forsiktig støtte frå maskinen. Dei hadde fangsta om lag 4000 sel.

I 1952 plukka «Sjannøy» opp mannskapet frå «Vestis» som forliste i Vesterisen.

I 1966 støyter «Sjannøy» og «Furenak» saman i Vesterisen.

I 1970 hadde «Sjannøy» rekordtur med 3500 klappmyss på berre 16 dagar.

I 1975 vert skuta seld til Paul Stark i Tromsø

I 1980 går skuta ut på det som skal verte siste tur. 26. mars, etter berre få dagar i fangst, brotnar trekkstonga slik at dei ikkje får vridd propellen. Ei ny trekkstong vart sendt frå Noreg med fly og droppa over Vesterisen. Dei hadde også same dagen fått skade på nokre jarnplater som låg utanpå ishuda i vasslinja på styrbord. Nokre dagar etter får dei også skade på nokre ishudplank. Hjelpeskipet» Harmoni» kjem til å hjelper dei reparere desse skadane. Rett etter midnatt 16. april byrjar skuta brått å ta inn vatn i maskinromet. Skuta hadde nett kome utfor iskanten og i open sjø. Alle lensepumper vert sette i gong, men dei greier ikkje å halde unna. Andre skuter i nærleiken vart varsla og «Polstjerna» og «Heimen» er dei første som kjem fram. Dei første 9 i mannskapet hadde gått i fangstbåten. Då dei tre siste forlet skuta står vatnet langt opp på egnarhusveggen akterut. Berre styrhuset og baugen var over vatn. Mannskapet frå havaristen tek seg om bord i «Polstjerna» og vert sidan henta av hjelpeskipet «Harmoni». Klokka 05.00 la «Polarfangst» seg over og forsvann i djupet med baugen først. Den hadde då ein fangst på 1320 sel inne. Forliset hende i posisjon 69.26 nordlig og 17.27 vest.

LitteraturIs, skuter og folk, https://www.ishavsmuseet.no/produkt/is-skuter-og-folk-isflaket-10-ar/ Isflaket