Selbarden
Andre namn | Norrköping (1930) - Fårøysund (1938) Istind (1950) East Star (1962) |
Eigar | 1930 Rederi AB Norden, Norrköping (G. Beckmann) 1938 Slite Cement & Kalk AB, Slite 1950 P/R Einar Enoksen, John Alvestad, Ole Alvestad, Tromsø 1951 P/R John Alvestad, Ole Alvestad og firmaet Brødrene Brunvold 1953 Storebrand (brannskadd) 1953 Skips A/S Peco (Eugen Pedersen), Bodø 1955 Skips A/S Opo m.fl. Oslo 1956 Skips A/S Opo, Skips A/S Unni, Morola A/S og Arnulf L'Orsa A/S 1958 A/S Alta Fangstrederi (Ingvald Wahl, Johan Hammari, Ole Østlyngen, Konrad Antonsen og Arnulf L'orsa AS) Alta/Tromsø 1960 Utbyggingsfondet for Nord Norge, Oslo 1962 Nort Star Shipping (Sumarah Bros) Halifax NS 1962 Eastern Shipping Co., Nassau, Bahamas |
Reg. merke | T-54-T F-77-A |
Heimehamn | Tromsø |
Byggeverft | Helsingborg Varv och Svetsning A/B |
Byggeår | 1930 |
Byggematerial | Stål |
Mål i lengde, byggeår | 137,7 fot |
Mål i lengde etter ombygging | 149,3 fot 1952 |
Mål i breidde, byggeår | 26,9 fot |
Mål i djupne, byggeår | 12,1 fot |
Mål i djupne etter ombygging | 12,3 fot 1952 |
Tonnasje | 496,96 brt 1950 498,67 brt 1952 472,20 brt 1956 643,65 brt 1956 |
Maskin, orginalt | damp 595 hk |
Maskin, ny | 1952 MAN 6 syl. 1000 hk (1945 mod) |
Skipperar | John Jakobsen (1951) Bernt Marø (1952) Knut Nakken (1955) Olaf Johannessen |
Ombyggingar Verft | 1950 ombygd for selfangst ved Kaarbøs Mek. Verksted, Harstad 1952 Stor ombygging, ny baug, nye dekkshus, Ombygd til M/S i Hamburg, H.C. Stülcken Sohn Schiffswerft 1953 reperasjonar etter brann, Bolsønes 1956 ombygd ved Mützelfeld Werft GmbH i Cuxhaven, reperasjonar |
Forlist | Forliste 20. november 1962 |
Utfyllande opplysningar | «Istind» «Selbarden» Skuta var mest kjend i fangstmiljøet under namnet «Selbarden», men den hadde namnet «Istind» då den var på selfangst for første gong i 1950. Turen gjekk til Newfoundland, men fangsten var heller dårleg første året, dei kom heim med 1179 sel med ein fangstverdi av kr. 60.000,- Namnet på skuta vert i 1951 endra til «Selbarden» og fangsten på Newforndland dette året vart om lag 15.000 sel med ein fangstverdi av ein mill. kr. I 1952 var fangsten også bra ved Newfoundland, men under fangsten har dei hatt litt problem med masikina. På veg heim til Noreg får dei varmgang i hylsa og maskina stoppar. Skuta ligg og driv då «Quest» og «Polarquest» kjem litt etter og tek havaristen på slep. Men sleparen ryk fleire gonger. Det går betre når «Quest» sleper åleine, dei klarer å halde slepet i verste uveret, men så ryk den sleparen også. Det enda med at dei kalla ut slepebåt frå Island som kom ut å fekk dei til land. Skadane visste seg å vere omfattande, og «Salvator» vart derfor tilkalla frå Noreg og den kom å slepte «Selbarden» til Brandal for levering av fangsten, før slepet gjekk vidare til H.C. Stülcken Sohn Schiffswerft for reperasjon og ombygging. På veg heim frå verftet i Tyskland, 6. desember 1952, byrja det å brenne i maskinistlugaren. Mannskapet forsøkte å sløkkje, men måtte gje opp på grunn av mykje røyk. Ei sjøbrannsprøyte kom ut frå Bergen og med hjelp av slangar frå denne greidde ein å sløkkje brannen. Fleire lugarar var øydelagde, og skuta hadde slagside, men skadane var ikkje verre enn at det rimeleg snøgt vart reparerte. men berre ein god månad etter, 10. januar 1953, oppstod det på nytt ein større brann på «Selbarden». Denne gongen starta brannen i maskinrommet og spreia seg raskt. Etter få minutt stod flammane høgt over dekk, mannskapet såg det nyttelaust å prøve å sløkkje og gjekk straks i båtane, tauet på taljane på styrbords båt hadde allereie teke fyr, men dei lukkast å få velta båten ut. Babords båt gjekk det fint å sette ut. Maskina stoppa fort etter at brannen starta, og radioen var utan straum. Dei sende opp naudrakettar og brukte blå lys for å tilkalle seg merksemd. Det var lite skipstrafikk i området, men eit par timar etter at dei gjekk i båtane kom hurtigruteskipet «Lofoten» og tok opp mannskapet. Havaristen som dreiv med retning mot Brennsund, vart seinare slept til land av fiskebåten «Nordstjernen». Skadande var så store at skuta vart kondemnert. Peco AS i Bodø kjøpte vraket og slepte den på ny til Tyskland for oppbygging. Skuta var ferdig i 1956, og i 1957 er skuta igjen på selfangst. Fangsten var ikkje av dei største dette året, dei kom heim med 3800 sel. Seinare på året går «Selbarden» i teneste for Grønlanske handel på Grønland. Forliste ved Bermuda på reise Turk Island – Halifax.
|