Ringsel
Andre namn | Dret (1912) - Ringsæl (1916) - En Avant (1938) |
Eigar | 1909 Trygve Gran, Bergen 1912 Andreas A. Kvalvåg, Avaldsnes 1916 Alfred Gudmundsen, Tromsø og får navnet Ringsæl 1917 Martin Gudmundsen 1928 Magna Gudmundsen 1938 Gaston Micard 1939 Karl Nicolaisen, Tromsdalen 1948 A/S Sælfangst & Havfiske, Ålesund/Tromsø 1949 Rieber, Tromsø |
Fartytype | seglskip - Selfangar |
Reg. merke | T 30 T T 25 T (1948) |
Heimehamn | Tromsø |
Byggeverft | Skaaluren, Rosendal |
Byggpris | 130,- pr. tonn |
Byggeår | 1909 |
Byggematerial | Tre |
Mål i lengde, byggeår | 78,6 fot |
Mål i breidde, byggeår | Bredde på spant 18,6 fot |
Mål i djupne, byggeår | 8,5 fot |
Tonnasje | 66 brt 69 brt |
Maskin, ny | 1916 Bolinder 80 hk |
Skipperar | Martin Gudmundsen Alfred Gudmundsen (1918) Victor Arnesen (1925) Corneliussen (1930) Karl Nicolaisen Terje Johnsen (1952) |
Forlist | Forliste i Vestisen 4. april 1952 med 14 mann |
Utfyllande opplysningar | Opprinneleg bygd for Trygve Gran til ein ishavsekspedisjon i 1909, men seinare overteke av K. Skaaluren, og i 1912 seld frå T. K. Skaaluren til Andreas A. Kvalvåg, Avaldsnes. I 1917 besøker Ringsæl Arthur Oxaas og hans overvintringsekspedisjon på Jan Mayen. Eigar av Ringsæl, Martin Gudmundsen, hadde då vore med på å finansiere overvintringa, som ga rekordfangst. På våren i 1920 var det ein stor arbeidskonflikt blant gruvearbeiderane på Bjørnøya. Ringsæl tok med 40 gruvearbeiderar til Noreg. Skuta kom ut i sterk storm, men klarte seg inn til Hammerfest. I 1921 var Ringsel på Jan Mayen så seint som i november og skulle hente overvintrarar, Jacobsengruppa, som då var utrusta av Birger Jacobsen, Tromsø. Denne overvintringa fekk eit rettsleg etterspel, då ein del av skinna deira var stjelt av ein av overvintrarane. I 1922 var Ringsæl ekspedisjonsskip for Adolf Hoel til Svalbard. I 1926 fører Ringsæl Finn Devold sin ekspedisjon til Svalbard. Ekspedisjonen som bestod av 4 mann som hadde til formål og drive Metroligiske observasjonar og trådlaus telegrafering til Noreg. Litt seinare på året gjekk Ringsel Foldvikekspedisjonen til Aust-Grønland. Ekspedisjonen hadde 6 deltakarar, leia av Nils Foldvik. I 1930 og 1931 til Svalbard med engelske og svenske ornitologar. I 1933 bergar Ringsel overlevande fra bergningsdampskipet Rouslan. Bakgrunnen var at den russiske isbrytaren Malygin då hadde gått på grunn i Isfjorden, der den seinare vart dregen av grunn av Rouslan. Den 24. april forliste så Rouslan. 10 av mannskapet på 13 berga seg ombord i ein livbåt. Den 1. mai ble livbåten funne av Ringsel. Då var det berre 3 mann igjen i livet. Kapteinen på Rouslan hadde gjort sjølvmord. 1935 kom Ringsel inn frå Vesterisen med 1982 sel og 200 tønner spekk. 1938/39 var den fartøy for norsk/fransk overvintringsekspedisjon på Nordaust-Grønland (Micardbu) med Micard/Nicolaisen/Willie Knutsen m.fl. Tilsaman hadde ekspedisjonen 13 deltakarar og skuta hadde namnet «En Avant». I 1940 kom Ringsel på sommaren til Angmagssalik med Willie Knutsen og gikk derfrå vidare til USA. I 1945 er Ringsel rekvirert av Wermarch Forliste i orkanen i Vestisen 1952, og 14 mann kom vekk. Desse var: Skipper Terje Johnsen, Tromsøysund, 31 år, Førsteskyttar Ole B. Mikalsen, Salten, 42 år, Andreskyttar Sverre K.B. Olsen, Tromsøysund, 24 år, Maskinist Johannes Pedersen, Tromsø, 30 år, Andremaskinist Ole Johnsen, Skjervøy, 30 år, Stuert Aleks Nikolajevitsj, Balsfjord, 38 år, Fangstmann Alf H. Sørensen, Tromsøysund, 19 år, Fangstmann Håkon J. Hansen, Tromsøysund, 49 år, Fangstmann Anton Nilsen, Balsfjord, 43 år, Fangstmann John T. Johansen, Tromsøysund, 35 år, Fangstmann Ludvig E.T. Pettersen, Tromsøysund, 32 år, Fangstmann Leif N. Akselsen, Balsfjord, 19 år, Fangstmann Kristian J. Henriksen, Tromsøysund, 30 år, Fangstmann Ole S. Stenvold, Tromsøysund 37 år. Les meir om påskeorkanen her: https://www.ishavsmuseet.no/blogger/paskeorkanen-i-vesterisen-1952/ |
Litteratur | Nystrøm: Alarm i Vestisen Farstad: Mysteriet i Vestisen Isflaket |