Remø
Eigar | 1918 P/R Fugleberg & Tøsse, Sigvald S. Remø, Isak Remø og Johan G. Remø 1924 A/S Remø, Herøy (Sigvald S. Remø, Johan G. Remø, Isak Remø og Elias Sande) |
Reg. merke | M-115-H M-223-HØ |
Byggeverft | Edvard Stenødegård, Remmemsvik, Vestnes (Teikna av Johan Edvardsson Stenødegård) |
Byggeår | 1918 |
Byggematerial | Tre |
Mål i lengde, byggeår | 90,1 fot |
Mål i breidde, byggeår | 22,95 fot |
Mål i djupne, byggeår | 11,55 fot |
Tonnasje | 151,54 brt 1918 |
Maskin, orginalt | 2 syl. Greenock Foundry Co. 135 hk (1879 mod) |
Skipperar | Isak Remø (1921) |
Forlist | Forliste i Kvitsjøen 19. mars 1928 |
Utfyllande opplysningar | Brakt opp og ført inn til Arkhangelsk av russerane, som meinte dei hadde fanga innanfor grensa, både i 1920 – 1921 og 1922. I 1921 saman med «Kap Flora» og «Polargutten», i 1922 saman med «Hvitefjeld», «Sælfangeren», «Leidulf» og «Sæl». 18. mars 1928 ligg «Remø» fast i tett samanpressa is i lag med 14 andre ishavsskuter. Ut på dagen skrua isen hardare til og eit hjørne på ei isflore pressar ein bule på babordsida midtskips. Ved hjelp av dynamitt, og det faktum at skuta vert skruva opp på isen, bergar dei i første omgang. Neste morgen vert dei vekte av meir knaking i skuta, og mannskapet må igjen på isen for å hogge og skufle vekk is. Dei store flaka vert sprengde med dynamitt. Men no hjelpte det lite. Isen pressar seg inn over dekk og knuser alt som er i vegen. Vatnet fossa inn gjennom skutesidene. Mannskapet må straks rømme skuta, men får med seg to fangstbåtar med eit lite utval proviant og utstyr. Då skruinga stoppar ei stund tek dei sjansen på å gå ombord att og hente meir klede, eit par gevær og litt proviant. Men skuta er det ikkje von om å berge, den er halvfull av vatne, og det stig. Mannskapet tek båtane og startar marsjen mot næraste skute som ligg omlag 5 kvartmil unna dei. Det var «Terningen». Skulle dei kome seg over dit før mørkret fall på, måtte dei legge igjen fangstbåtane på isen. Dette klarte dei og kom seg trygt ombord i «Terningen». Neste morgon var «Remø» gått ned.
|