Polstraum
Andre namn | Ejnar Mikkelsen (1961) - Mikkelsen (1972) |
Eigar | 1947 Osvald Lillenes, Tjørvåg 1961 Ministeriet for Grønland (Angmagssalik) |
Fartytype | Selfangar |
Reg. merke | M 350 HØ |
Heimehamn | Trjørvåg |
Byggeverft | Søren A. Frostad, Tomrefjord, bygg nr. 50 |
Byggeår | 1947 |
Byggematerial | Tre |
Mål i lengde, byggeår | 88,4 fot |
Mål i lengde etter ombygging | 96 fot |
Mål i breidde, byggeår | 21 fot |
Mål i djupne, byggeår | 10 fot |
Tonnasje | 111,18 brt 1947 |
Maskin, orginalt | Finnøy 2 syl 180 hk |
Maskin, ny | Hjelset 240 hk 1952 - Normo 280 hk 1968 |
Skipperar | Osvald Lillenes |
Ombyggingar Verft | 1956 forlengd |
Kondemnert | Kondemnert og søkkt utanfor Angmagssalik 1973 (?) |
Utfyllande opplysningar | «Polstraum» fekk fager omtale i pressa då den kom ut i 1947, som den første nybygde skuta til Sunnmøre etter krigen. «Den er førsteklasses utstyrt med radiotelefoni til tønna, moderne instrumenter som ekkolodd, elektrisk logg, radiopeiling og radiotelefoni. Den er et prektig tilvokster til den sunnmørske ishavsflåten og en verdig representant for romsdalsk skipsbygging. Skuta har sentralvarme så nær som i mannskapslugaren forut, der det er omn. I alle rom er det vaskar som ein kan svinge inn i veggane, nett som ei anna dør. Mannskapslugaren forut, er sers rommeleg og lys eikemåla. Den har tolv einmannskøyer med skuffer under kvar», heiter det mellom anna i avisomtalen. Første ishavsturen gjekk til danskestredet i 1947, og fangsten der vart 470 klappmyss og 25 tonn håkjerringstran til ein samla verdi på kr. 100.000,- I 1948 får skuta skade på propellen og må slepast heim av «Signalhorn». Då hadde dei likevel ein god fangst inne. I 1950 får dei igjen skade på propellen på veg inn gjennom isen i lag med fleire andre skuter. Det er slakk is, men brått kjende dei eit kraftig slag i skuta og maskina stoppa. Det viser seg at ein isfot har benda propellakslingen. «Polstraum» ropar i radioen etter assistanse, og «Norsel» går i retning av havaristane. «Veidemann» har også propellskade og «Norsel» sleper havaristane ut av isen. Forsikringsselskapet hadde gjort avtale med «Flemsøy» om at dei skulle slepe dei to havaristane til Island. I slutten av 1960 vert «Polstraum» seld til Grønland og får namnet «Ejnar Mikkelsen» etter den danske polarforskar med same namn. Det er Kongelig Grønlanske Handel som er kjøpar. Tok over som skute i Angmagssalik i 1961 etter «MIKI» som forliste i Stretet same året. Mannskapet teke opp av «Signalhorn».
|