Polarsirkel
Andre namn | Polar Circle 1981 - Polarsyssel 1988 |
Eigar | 1976 Rieber & Co. AS, Bergen 1981 Carino Company, Ltd, St. John's 1986 Rieber Shipping AS, Bergen 1989 Polarsyssel AS, Bergen 1990 Rieber Shipping Svalbard AS, Bergen 1998 Solheimsviken Shipping AS, Bergen (Rieber) 2000 Torson Shipping AS, Tromsø 2007 Keith Halsey 2007 Polar Expedition & Research SA, George Town |
Byggeverft | Høivold Trading AS, Kristiansand |
Byggeår | 1976 |
Byggematerial | Stål |
Mål i lengde, byggeår | 42,35 meter |
Mål i lengde etter ombygging | 46,48 meter 1986 |
Mål i breidde, byggeår | 11,5 meter |
Mål i djupne, byggeår | 8,63 meter |
Tonnasje | 974,85 brt 1976 |
Maskin, orginalt | MaK-motor 2200 hk |
Skipperar | Magnar Aklestad |
Utfyllande opplysningar | Første oppdraget til «Polarsirkel» etter bygginga var å gå med ein last tomtønner til New Brunswick i Canada. Deretter gjekk skuta på selfangst ved Newfoundland. Dei leverte 8740 sel Tromsø, men på veg heim vart skuta send til Vesterisen for å ta med seg mannskapet frå «Fortuna» som hadde forlist der. «Harmoni» og «Is-Ola» låg også faste her, men ikkje før «Polarsirkel» var komne til Tromsø igjen vart det avgjort at dei skulle gå attende å hjelpe dei to skutene som låg faste. Det var inga stor sak for den nye sterke skuta å ta seg inn til dei fastfrosne skutene. «Is-Ola» hadde lege fast nær heile sesongen. På hausten 1976 gjekk «Polarsirkel» til Antarktis for Norsk Polarinstitutt. På Dronning Mauds Land sette dei på land 9 forskarar som skulle gjere undersøkingar der. «Polarsirkel» gjekk vidare på andre oppdrag. Skipper Magnar Aklestad fortel at dei nokre dagar seinare fekk ei fortvila melding frå folket på isen som då hadde oppdaga at dei eigentleg oppheldt seg på eit stort isfjell som var i ferd med å lausrive seg frå land. Dei kom seg ikkje vidare, og «Polarsirkel» måtte gjere vendereis og flytte ekspedisjonen.
Dei tre komande åra gjorde «Polarsirkel» liknande oppdrag til Antarktis. «Polarsirkel» gjekk også i forskingsoppdrag nord og vest for Svalbard desse åra, og gjorde oljeundersøkingar i Barentshavet. Skuta vert operert frå Canada i åra 1981-1986 og den skifte namn til «Polar Circle». I 1986 kjem den til Noreg att, og to år seinare vert den sysselmannsskute på Svalbard og får namnet «Polarsyssel. Dette oppdraget har den til 2002. I åra 2001 til 2006, med unntak av 2005, var den igjen på selfangst. I 2003 fekk den skade i Vesterisen då ein stor gammal blå-is slo mot hekken slik at det oppstod ei revne på om lag ein meter. Styremaskina vart fylt med vatn og slutta å virke og dei var utan styring. «Polarfangst» kom til å slepa dei ut av isen og det islandske vaktskipet «Ægir» kom til å slepa dei inn til Island. I 2005 fekk «Polarsyssel» eit litt uvanleg oppdrag då dei tek del i filminnspeling for Walt Disney. I 2007 vert den seld til Keit Halsey som skal bruke skuta som privat yacht. |