Pels
Andre namn | Telesia (1911) Hobby Hawk (1916) Telesia (1919) |
Eigar | 1911 S.C Jarmany, Lowestoft 1914 W.L. Mullender 1919 F.W. Moxey 1927 Olympian Ltd 1930 F.W. Moxey 1946 Lars Pedersen Syre (Solstad) Skudenes 1948 Dansk Pearyland Expedition (Grev Eigil Knuth, København) 1948 Johan og Olaf Lillenes, Tjørvåg 1950 Olaf Lillenes |
Reg. merke | LT 1155 (1911) M 170 HØ |
Heimehamn | Tjørvåg |
Byggeverft | G.&T. Smith Ltd. Rye, Essex |
Byggeår | 1911 |
Byggematerial | Tre |
Mål i lengde, byggeår | 70,4 fot |
Mål i lengde etter ombygging | 69,9 fot 1949 - 85,9 fot 1951 |
Mål i breidde, byggeår | 18,9 fot |
Mål i breidde etter ombygging | 19 fot 1949 - 19,7 fot 1951 |
Mål i djupne, byggeår | 9 fot |
Mål i djupne etter ombygging | 9,3 fot 1949 - 9,2 fot 1951 |
Tonnasje | 69,71 brt 1949 86,70 brt 1951 |
Maskin, orginalt | segl |
Maskin, ny | 1946 Grenaa 144 hk |
Skipperar | W.S Wharton (1916) F.W. Moxey (1930) Olaf Lillenes (1948-1952) |
Ombyggingar Verft | 1948 Smedvik MV ombygd til ishavsskute 1951 Søviknes MV Forlengd og ny rana baug |
Forlist | Forliste 4. april 1952 i Vestisen |
Utfyllande opplysningar | «Pels» vart bygd med namnet «Telesia» i England i 1911. Båten vart mellom anna brukt som krigsskip under første verdskrig. Den var armert, men kamuflert som «lokkedue-farty» som såg ut som ein fredeleg fiskebåt, men som i røynda var eit krigsskip. I boka «Sailing Trawlers» vert det oppgjeve at skuta åleine hadde senka minst 5 tyske ubåtar. Andre kjelder er meir forsiktige, men antyder minst 2-3, og ei kjelde meina det ikkje er tilstrekkelege bevis for at det var nettopp «Telesia» som fekk inn det avgjerande skotet som senka ubåtane. I mellomkrigstida er båten på fiske. Under andre verdskrig ligg båten ankra ved Oulton Broad. På denne måte skulle den hindre fiendtlege sjøfly frå å lande der. I 1946 kjem «Telesia» til Noreg, og i 1948 vert den seld vidare til Dansk Pearyland Expedition v/greve Eigil Knuth, København. Olaf Lillenes som var skipper på «Veslekari» i 1948 på Grønland, fekk nyss i at «Telesia» låg til sals i Danmark. Det var vanskeleg å få bygge ny skute etter krigen, og Lillenes reiste ut på hausten til Danmark for å sjå på skuta. Det vart kjøp og skuta kom til heimbygda til reiaren og reparert og ombygd for selfangst ved Smedvik mek. verkstad. Den skiftar no namn til «Pels» og vert akkurat klar til å rekke selfangsten i Vesterisen i 1949, og kjem heim med 1450 sel. I 1950 fangsta dei 2949 sel i Vesterisen og seinare fekk dei 1400 sel i Stretet. I 1951 er «Pels» på fangst i Vesterisen og kjem heim med 2100 sel. Frå Strete-turen leverar dei 1287 klappmyss og kjem heim for å sette skuta på slipp ved Søviknes Verft for ombygging og forlenging. I Vesterisen 1952 var det over 50 skuter på fangst. mange av dei fekk vanskar i ein stor orkan som herja feltet den 4. og 5. april. 5 skuter forliste, 79 mann kom vekk. 1 av skutene var «Pels» med heile mannskapet på 14 mann. LES MEIR OM DETTE HER: https://www.ishavsmuseet.no/fortellingar/fem-skuter-forsvann-sporlaust-78-mann-omkom/ Dei som kom vekk var: Skipper Olaf Lillenes 40 år Tjørvåg Førsteskyttar Charles Huldal 32 år, fosnavåg Andreskyttar Gustav Warholm 30 år, Herøy Maskinist Johannes Rafteseth 48 år, Herøy Smørjar Aksel Lervik 19 år, Herøy Fangstmann Trygve Gredal 22 år, Vestnes Fangstmann Paul H. Myrvågnes 28 år, Herøy Fangstmann Erling Nilsen 38 år, Herøy Fangstmann Petter Skorpen 31 år, Herøy Fangstmann Henrik Moltubakk 27 år, Herøy Fangstmann Ivar Moltu 19 år, Herøy Fangstmann Sivert Brudevoll 27 år, Syvde Fangstmann Toralf Oftenes 28 år, Borgund Stuert Børre Bentzen 32 år, Herøy Gjennomsnittsalder på mannskapet var 30 år. |
Litteratur | Nystøm: Alarm i Vesterisen Arnold Farstad: Mysteriet i Vesterisen, https://www.ishavsmuseet.no/produkt/mysteriet-i-vestisen/ Når storstormen rasar, Ishavsmuseet Isflaket |