Nordishavet
Eigar | 1917 A/S Ishavet, Ålesund (Michael Knutsen) |
Fartytype | Selfangar |
Heimehamn | Ålesund |
Byggeverft | Gunvald Ottesen, Sagvåg |
Byggeår | 1916 |
Byggematerial | Tre |
Mål i lengde, byggeår | 91,4 fot |
Mål i breidde, byggeår | 21,4 fot |
Mål i djupne, byggeår | 10,2 fot |
Tonnasje | 122,95 brt 1916 |
Maskin, orginalt | Mjellem & Karlsen damp 130 ihk |
Skipperar | Henrik Wind Daa Landmark (1917-1918) |
Forlist | Forliste 10. januar 1918, mannskapet på 13 kom vekk |
Utfyllande opplysningar | «Nordishavet» var på selfangst første gong i 1917. Det skulle også verte einaste turen skuta hadde i ishavet. Vinteren 1918 driv «Nordishavet» sildefiske ved Halten. Dei held lag med «Flemsøy». Natt til 11. januar går «Nordishavet» inn til land vel ein time før «Flemsøy». I snøtjukke og storm på veg til Stokksund grunnstøtte og sokk skuta 10. januar 1918 ved Kobbeskjæret nær Knarrlagssundet ved Hitra. Heile mannskapet på 13 mann omkom så detaljar ved forliset er det ingen som kjenner til. Dei som omkom ved forliset var: Skipper Henrik Landmark, Brandal (funnen) Maskinist Harry Iversen, Ålesund, Eldar Olav Ingebrigtsen, Ålesund, Olai P. Nossen, Ørsta, Peder P. Sørheim, Ørsta, Jakob E. Bjørkedal, Volda, Bjarne Dahl, Volda, (funnen), Ivar Wetterhus, Volda (funnen), Johannes Rotevatn, Volda, Samund P. Aksnes, Volda, Martin Stafseth, Tennfjord, Jon Vaagen og Knut Vaagen, truleg frå Herøy |