Myregga
Eigar | 1945 Mikal Nilsens dødsbu, Foldvik 1947 Astrup Nilsen,Dagny Nilsen, Darre Nilssen. Foldvik 1948 Astrup og Darre Nilssen 1976 Darre Nilsen P/R, Gratangen 1978 P/R Hansen & Hansen, Grovfjord (Thorleif Hansen, Margareth Guve Nilssen Hansen) |
Fartytype | Selfangar |
Reg. merke | T 6 G |
Heimehamn | Gratangen |
Byggeverft | E.M. Hansens Slip og Båtbyggeri, Grovfjord - bygg nr. 20 |
Byggeår | 1944/45 |
Byggematerial | Tre |
Mål i lengde, byggeår | 88,4 fot |
Mål i lengde etter ombygging | 100,3 fot 1956 |
Mål i breidde, byggeår | 20.2 fot |
Mål i breidde etter ombygging | 20,9 fot 1956 |
Mål i djupne, byggeår | 9,7 fot |
Mål i djupne etter ombygging | 9,7 fot |
Tonnasje | 113,18 brt 1945 136,69 brt 1956 |
Maskin, orginalt | Wichmann 260 hk |
Maskin, ny | 1957 Wichmann 320 hk |
Ombyggingar Verft | 1947 lagt på ishud 1956 forlengd, ny baug ved Johan Drage AS, Rognan 1965 ombygd til kraftblokk |
Kondemnert | Kondemnert og senka ved Harstad i 1982 |
Utfyllande opplysningar | Erstatningshurtigrute Tromsø-Kirkenes for BDS 1946/47 «Myregga» vart bygd som fiskebåt, men vart i desember 1947 forsterka med ishud, og skuta gjekk for første gong på selfangst i 1948. Fangstfeltet var Vesterisen, og dei kom heim med 4327 sel. I 1949 får «Myregga» skade på koplinga og må ha slepeassistanse heim av bergingsbåten «Uller». Skuta låg langt inne i isen då skaden skjedde, og «Polstjerna» slepte den ut i open sjø. Dei kom til Noreg den 19. april med ein fangst av om lag 2600 sel til ein verdi av kr. 150.000,- Det var forøvrig fleire skuter som hadde problem i Vesterisen, og «Uller» hadde tre skuter på slep då den kom inn. «Myregga» fekk reparert, og var tilbake i Vesterisen på ny tur tidleg i mai. Denne turen fanga dei 4000 sel av ein verdi av 125.000,- «Myregga» måtte elles ha slep heim frå Vesterisen i 1957. Skuta la seg bak ein isstrimmel for natta, men like over midnatt fekk skuta ein is i propellen og maskina stoppa. Då dei starta opp igjen rusa maskina kraftig. Propellen var borte. Dei fekk assistanse av «Pollan» som kom fram eit knapt døgn seinare. Slepet ut av isen starta godt, men så auka vinden til liten storm, og «Pollan» prøvde med halv fart å halde begge skutene opp mot vinden. Dette gjekk godt og då vinden spakna vart skipperane einige om å ta seg til Jan Mayen. Her kom bergingsbåten «Achilles» og tok over slepet. I 1956 vert skuta noko ombygd, og midt på 1960-talet fekk den kraftblokk. Seinare vart ishuda fjerna og skuta var nedrigga frå selfangst. Den fekk også kvalbakk, og siste åra dreiv den reketråling. «Myregga» vart kondemnert i 1982 og senka utanfor Harstad.
|
Litteratur | (avisa Tromsø 20.04.1949) |