Martha

Andre namn"Prins Olav"
Eigar1880 Joachim Henriksen, Ålesund
1906 Henrik Th. Hansen og Karl Godø, Ålesund
HeimehamnÅlesund
ByggeverftBygd i Ålesund
Byggeår1880
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår49 fot
Mål i lengde etter ombygging1883 61,5 fot
Mål i breidde, byggeår18,1 fot
Mål i djupne, byggeår6 fot
Tonnasje29,24 brt
39,01 brt 1883
47,06 brt 1906
Maskin, orginaltSegl
SkipperarLars Ask (1899)
Karl Godø (1906)
Ombyggingar VerftForlenga i 1883
Påbygd i høgda 1906
ForlistForliste i 1907
Utfyllande opplysningar

«Martha» var den 4. skuta frå Sunnmøre som gjekk ut på selfangst, det var i 1899. Dei tre første pionerskutene «Minna», Sleipner» og «Nils Liaaen» starta den sunnmørske selfangsten i 1898. «Martha» leverte etter første turen 600 sel, 30 storkobb, 2 kvalross, 6 bjørnar og 75 tønner med tran.

Men det var ikkje selfangsten som først og fremst skulle føre «Martha» inn i historiebøkene. Under fangstturen i 1899 fann dei ei korkbøye med ståltrådnett rundt med ein sylinder inni. Denne viste seg å vere frå Andrèe-ekspedisjonen som letta frå Svalbard 11. juli 1897 med luftballongen «Ørnen» for å nå Nordpolen. Seinare hadde ingen høyrt frå ekspedisjonen. Fleire ekspedisjonar var sende ut for å leite etter Andrèe, og mange fangstfarty hadde gjennomsøkt nordområda i to år, utan å finne noko spor om kva som hadde hendt. På Island vart det våren 1899 funne ei flytebøye. Men flytebøya som «Martha» no hadde funne var større enn dei andre og skulle brukast til å kastast ut over sjølve polpunktet. Det var under bjørnejakt på Kong Karls land dei gjorde funne.

«Martha» vert seld i 1906 og skifte namn til «Prins Olav». Under selfangst i 1907 forliser den på 73 grader nord. Mannskpet vert berga av «Gunhild» og sett på land på Island.