Korsfjord
Eigar | 1917 AS MK Korsfjord I, Bergen. (Halfdan Hamre, Peder Olai Kleppe og Olai Hetlelid |
Heimehamn | Bergen |
Byggeverft | Olai Hetlelid, Leirvik på Stord |
Byggeår | 1917 |
Byggematerial | Tre |
Mål i lengde, byggeår | 58,3 fot |
Mål i breidde, byggeår | 15,3 fot |
Mål i djupne, byggeår | 6,6 fot |
Tonnasje | 31,22 brt |
Maskin, orginalt | 50 hk Avance |
Skipperar | Hans Myrvågnes 1918 Olavius Aurvåg 1919 |
Forlist | Grunnstøtte og sokk ved Grasøyane 19. februar 1919 |
Utfyllande opplysningar | «Korsfjord» var første og siste gang på selfangst i 1918. Skipper og storparten av mannskapet var frå sunnmøre på Bergens-skuta. På vintersildfiske i 1919 grunnstøtte skuta på veg inn til Ålesund i uvêr kl. 23 på kvelden. Det var kuling og snøtjukke og dei styrde etter fyret på Grasøyane men kom i bygevêret for nær øya og grunnstøytte. Sjøen fossa inn og skuta sokk på få minutt. Det var svært grunt i området, og livbåten vart knust. Mannskapet på 9 mann klatra difor opp i framriggen. Ein motorbåt kom forbi. Dei sette ut to livbåtar for å freiste ta opp mannskapet, men dei klarte ikkje å kome gjennom brota inn til havaristen. Ut på natta gjekk det melding til vaktskipet «Brand» som låg i Ålesund. Dei rykte straks ut ogvar framme etter ein time.Med hjelp av lyskastar fann dei vraket der to av mannskapet framleis klamra seg til riggen. Sjøen stod då omlag ei famn under godset. Mannskapet på «Brand» rodde inn til Grasøyane og fekk låne ein større båt som dei klarte å ta seg gjennom brota med og bort til dei overlevande. Dei to som hadde overlevd snart 9 timar i riggen var Paul Myrvågnes, Tjørvåg og Sigvald Urhaug, Manger. Dei som kom vekk ved «Korsfjord» sitt forlis var: Brørne Olavius og Fridtjof Aurvåg, Herøy, Rasmus Vorren, Sandsøya, Ingvald Eikrem, Slagnes, brørne Sigfred og Johan Jensen, Ålesund og Aksel Sverre Valderhaug, Ålesund. |
Litteratur | Ottesen, Johan: Båtar med historie |