Isspurven

Andre namnSkjold
Eigar1906 Rasmus R. Brandal og Lars R. Brandal, Brandal
1912 Rasmus R. Brandal, Lars R. Brandal, Brandal og H. Koppernæs, Ålesund
Fartytypeslupp
HeimehamnBrandal
ByggeverftSkaalurens Skipsbyggeri, Rosendal, bygg nr. 88
Byggeår1906
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår57,7 fot
Mål i lengde etter ombygging70 fot
Mål i breidde, byggeår17,2 fot
Mål i djupne, byggeår6,9 fot
Tonnasje33,49 brt 1906
33,39 brt 1911
Maskin, orginaltSegl
Maskin, nymotor innsatt 1911, 20 hk
SkipperarRasmus L.R Brandal (1908-1914)
Ombyggingar Verft1909 påsett ishud av eik
1911 innsett motor
ForlistForliste nyårshelga 1913/14
Utfyllande opplysningar

Sluppen var bygd under namnet «Skjold» for fiske i 1906, men som dei fleste fiskefarty frå Brandal denne tida så vart også denne isforsterka å send på selfangst. Då koppernæs kom inn som eigar i 1912 endrar skuta namn til «Isspurven».

Under storsildfiske nyårshelga 1913/1914 hadde «Isspurven» gått ut på sildefeltet den 28. desember 1913. I nyårshelga bles det opp til orkan frå vest, og dei fleste farty søkte inn til Kristiansund. Fleire fiskebåtar forliste i denne orkanen medan andre med nød og neppe greidde å ri han av. Mellom andre forliste også brandalsskuta «Rap». «Isspurven» var det ingen som høyrde meir i frå. Skipperen, Rasmus R. Brandal, var ein dyktig mann som brukte å søke ut i ope hav når det bles opp. Det rekna dei andre skutene med hadde skjedd denne gangen også, og det var difor ingen som var særleg engstelege dei første dagane. Men etter kvart vart folk urolege og det vart sett i gang leiting og telegrafert omkring etter opplysningar. Men ingen hadde sett noko og til slutt måtte ein innsjå at «Isspurven» hadde gått ned i nyårsorkanen i lag med «Rap» og fleire andre.

Heile mannskapet kom vekk.

Skipper           Rasmus R. Brandal                Brandal

                        Herman Brandal                     Brandal

                        Harald Landmark                   Brandal

                        Sivert L. Brandal                    Brandal

                        Olav B. Bjørkedal                  Volda

                        Johan Aambø                         Ørsta

                        August M. Ødegård               Vartdal

                        Teodor Johannessen               Nordland

LitteraturJohan Ottesen: Ishavsskuter