Harald

Eigar1903 A/S Aakrehavns Fiske Kompagni, Skudeneshavn (David Tjøsvold, Tønnes Olsen, Bendik Mannes og Johan Hallingstad)
1907 David Tjoswold, Ole Munkejord, Bendik Helgesen, Bendik StangeRasmus Tjøsvold m.fl. Haugesund
1910 Edvard Enoksen, Stavanger
1911 Ole S. Quindsland, Haugesund
1912 A/S Harald (Bendik Kvindesland, Haugesund)
1917 Johan Rasmussen, Ålesund
1920 Peter S. Brandal, Brandal
1925 A/S Polaric & Harald (Peter S. Brandal)
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM 5 HD
HeimehamnBrandal - Haugesund
ByggeverftHans Gravdal, Opsanger
Byggeår1903
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår90,3 fot
Mål i breidde, byggeår22,5 fot
Mål i djupne, byggeår9,7 fot
Tonnasje103,10 brt 1903
116 brt 1912
Maskin, orginaltsegl
Maskin, ny1912 Mjellem & Karlsen 2 syl. damp 74 hk
SkipperarTønnes Olsen
Rasmus Festø (1918-19)
Johan Overå (1917)
R.J. Berknes (1920-1924)
Rolf Kvien (1925-1926 ved forliset)
Ombyggingar Verft1912 ombygd til D/S,
ForlistForliste 21. mars 1926 i Kvitsjøen
Utfyllande opplysningar

«Harald» var bygd i 1903 for fiske. Var av dei første som prøvde med snurpenot etter sild ved Island.

Første tur på selfangst i 1917.

i 1926 driv «Harald» selfangst i Kvitsjøen då dei den 19. mars under gange i isen får slått hol i skutesida då to store isflak brått tørna saman. Lekkasjen som følgde var så stor at dei hadde problem med å halde skuta lens. Dei prøvde å tette med sekkefiller, men det hjelpte ikkje. Fangstbåtane vart gjorde klare med proviant i tillfelle dei måtte forlate skuta. Dei vurderer at om dei går ut i ope vatn og pumpene sviktar, vil skuta etter kort tid gå ned. Dei vel difor å halde seg i farvatn med issørpe nær land, og styrer mot Kapp Kanin. Der kan dei evt. telegrafere heim om stoda. men ut på ettermiddagen 21. mars er det ikkje råd lenger, vatnet stig trass i at alle pumper går. Dei går skuta på land for sakte fart og går straks frå borde då dei er redde for at kjelen kan eksplodere. «Hvitehavet» tekk etter kvart opp mannskapet og ein av fangstbåtane. Seinare vert den andre fangstbåten berga av «Johanna Karolina».

LitteraturIsflaket