Brandalingen

Eigar1916 Ole S. Brandal, Brandal
1923 Peter S. Brandal, Brandal
1925 Peter S. Brandal A/S
1925 A/S Søndmøre Sælfangere, Ålesund (Peter S. Brandal)
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM 12 HD
HeimehamnBrandal
ByggeverftErik Lindstøl, Søndeled, Risør
Byggeår1916
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår97,25 fot
Mål i breidde, byggeår21 fot
Mål i djupne, byggeår10,5 fot
Mål i djupne etter ombygging11 fot
Tonnasje135,65 brt
Maskin, orginalt1916 Pusnes MV 2 syl comp. 130 hk. Kjel: Fredrikstad MV
SkipperarE. Hofseide (1917)
Peder H. Hjelle (1919-1924)
Hans Nøtvik (1922)
R.J. Berknes (1928 ved forliset)
ForlistForliste ved Kap Kanin 18. mars 1928
Utfyllande opplysningar

Den 18. mars 1928 ligg «Brandalingen» fast i isen sør for Kapp Kanin. Det var ikkje noko fare på ferde, så mannskapet gjekk på isen for å fangste. Det var ikkje mykje dei fanga denne dagen, men dei drog ombord 84 sel. Totalt har dei no 2160 sel ombord. Men ein time etter at dei hadde fangsta ferdig for dagen så byrja isen brått og skru ganske så kraftig. Presset var så hardt at babord side vert inntrykt heilt bak til keisinga. I løpet av 10 minutt stod vatnet over benkane i lugaren. Så slakna isen og skuta byrja å sige nedatt. Mannskapet kom seg frå borde så raskt dei klarte med litt proviant og ekstra klede. Etter ei tid sette skruinga inn på nytt og skuta løfte seg opp. Nokre av mannskapet våga seg ombord att å berga meir proviant. Men no var vatnet kome opp i proviantromet, så det var uråd å berge noko der. Etter ei kort stund medan mannskapet stod å såg på korleis isen jobba med skuta, så søkk «Brandalingen» brått. Dei hadde observert «Aarvak» omlag 1,5 km frå forlis staden og dei sette så kursen mot den.

LitteraturIshavsskuter Isflaket