Til haustens første polarkveld fredag 11. oktober kl. 19.00 (ny dato frå først annonsert) får Ishavsmuseet besøk av Robert Hermansen, som først og fremst vil prate om tida i Store Norske Spitsbergen Kullkompani (SNSK).

Etter fullført sivilingeniørstudie på NTH og nokre år som vitskapleg assistent mm, gjekk turen til Kirkenes og AS Sydvaranger. I åra frå Robert Hermansen var 45 til han var 60 år, var han administrerande direktør for Odda Smelteverk.
Longyearbyen var frå gammalt av ein skikkeleg Company Town, der SNSK stod for alt. Etterkvart vart skulen og kyrka skild ut, men mykje anna var eig og drive av SNSK. Slik var det til langt ut på 80-talet, med A-, B-funksjonærar og bus, provianten, brennevinslageret, kontroll med all overnatting osv.
I 1987 gjorde industriminister Finn Kristiansen endringar i styret til SNSK, og Robert Hermansen kom inn som styreleiar.
Robert Hermansen gjekk av som direktør for Odda Smeltevekt på 60-års dagen sin, 26. februar 1999. På kvinnedagen 8.mars ei god veke etter, tok han over som administrerande direktør i SNSK.
Som 69-åring gjekk Robert Hermansen av som administrerande direktør i SNSK. Han hadde gjort det kunststykket å få selskapet til å gå med overskot, dei hadde betalt mange millionar i utbytte til staten.
I foredraget sitt på ishavsmuseet vil Robert Hermansen prate mest om tida i Store Norske Spitsbergen Kullkompani, og hendingar i etterkant av dette. Han er innom Svalbardtraktaten, Bergverksordenen, det moderne samfunnet, Store Norske og souverniteten.
Det vert servert bacalaobuffet med kvit og raud bacalao etter foredraget til dei som ynskjer dette.

Billett foredrag og bacalaobuffet kr. 400,-