Lutafisk på Ishavsmuseet 1. november 2024

Ishavsmuseet inviterar til årets etargilde med Lutafisk og alt godt av tilbehør, fredag 1. november kl. 19.00. Lutefiskbuffet med alt av godt tilbehør Kr. 315,-

Det er mange mytar kring historia til lutefisken. Korleis den kom til, og korleis den vart laga. Lutefisk vert i alle høve første gang nemnt i litteraturen i år 1555, så det er inga ny oppfinning. Lutefisk vert spist over heile Noreg, i Sverige og deler av Finland, men danskane spis ikkje lutefisk. Dei veit ikkje kva dei går glipp av!

Kjøp billett til lutafisk her eller bestill plass på post@ishavsmuseet.no tlf 95 11 76 44