Marit Karlsen Brandal og Steinulf Smith-Meyer overvintra i ei gamal hytte på Gråhuken nord på Svalbard 1982/83. Med seg hadde dei hunden Rabben og utrustning for eitt år.
I mørketida dreiv paret revefangst på tradisjonelt vis, og hadde mesteparten av tida isbjørnar i nærleiken. I den lyse årstida jakta dei sel for matauk og beredte selskinn slik eskimoar gjer det.
Mange besøkande kom innom hytta sommarstid, både med båt og helikopter. Boka skildrar også mange hytter dei var innom i Wijdefjorden og Woodfjorden, i tillegg til opplevingar frå området 20 år etter, då Marit og Steinulf var på Gråhuken med dei tre borna.