Bjarne Harald Brobakk: Fra Balsfjord til Brandal – Tradisjonsminner fra to ishavsdistrikt.
Bjarne Harald Brobakk ser seg attende på eigne opplevingar frå eit langt liv på mange skuter til sjøs og på ishavet i denne boka. Han har 19 turar på selfangst, har skote 13 isbjørner, reist på kvalfangst, og vore til topps på Rossøya, Europas nordlegste punkt. Han delar av sine minne frå Balsfjord og Brandal, to ishavsdistrikt som han har vore ein del av gjennom mange år. Brobakk er ein ivrig forteljar, og han bidreg også med annan polarhistorie, og lokalhistorie frå Balsfjord i denne boka.