Av Johan Ottesen
Denne boka presenterer fiskebåtar, ishavsskuter og lastebåtar som har vore i Hareid kommune frå slutten av 1800-talet og fram til i dag. Omtalen byrjar med dei eldste båtane. Dermed får ein også følgje utviklinga i båttypane frå dei første seglskutene, til dekksbåtar og fiskedampskip, og den vidare omlegginga til dieseldrivne havfiskefarty. Dei mange dampbåtane skulle i si tid også plassere Hareid mellom dei fremste fiskerikommunane i landet. I tillegg til omtalen av dei 480 båtane har boka også ein bolk som fortel om endringane i fiske og fangst det siste hundreåret.