Selfangarar frå Sunnmøre var alt i 1900 inn til kysten av Grønland og fanga. Landet hadde mykje å by på, og dei fanga mykje dyr på desse turane som gjerne var ei forlenging av selfangsten i Vesterisen, og sommarfangsten i Danskestredet.
Ishavsskuta Aarvak, bygd i Bergen i 1912, står på land i eige hus ved Ishavsmuseet. Aarvak er i dag den eldste igjen verande selfangstskute i Noreg av dei som var spesialbygde for selfangst etter 1900.
Ragnar Thorseth er eventyrar og ekspedisjonsleiar. Han er journalist og formidlar. Og han er sunnmøring og nordmann. Alt dette har forma Ragnar Thorseth til det liv og den draum som vert presentert her.
I 1916 fekk Peter S. Brandal tilbod om å kjøpe rettigheiter for utvinning av kol i det som seinare vart Kings Bay kull comp. As i Brandal City, eller Ny-Ålesund som staden heiter i dag.