Kurs og konferanse
Ishavsmuseet har spanande lokaler som høver godt til møte, kurs og konferansar. Vi er fleksible og kan lage til lokale som passar deg.

Til større medlemsmøte og liknande skulle første etg. høve bra. I andre høgda har vi innreia eit konferanserom med det meste av utstyr du skulle ha behov for. Ut i frå dine behov kan vi lage til løysingar alt i frå fem til 80 personar. (150 ved kino oppsett). Før – under eller etter møtet eller konferansen, kan ein av våre guidar ta deg med på omvising rundt om i museet.
Dei fleste av våre guidar er folk som sjølve har drive ishavet som skipperar, maskinistar og fangstfolk i ei årrekkje. Kva kan vel vere meir spanande enn å høyre historia frå dei som sjølve har opplevt den? Dei treng ikkje ein gong å krydre historia, den er dramatisk nok som den er.
Etter ei slik omvising kan du gå til dekka bord i svært spesielle omgivnadar. Her pustar isbjørnen deg nærast i nakken når du spiser lunsj eller middag. Vi har teke vare på den gamle sjøbustilen inne i lokala, noko som gir selskapet ei svært spesiell atmosfære. Ishavsmuseet har eige kjøkken og kokk, og kan lage det meste av mat som kan freiste. Du er velkomen til å halde din konferanse eller møte på Ishavsmuseet. Dette er ei oppleving dine kundar og kontakter garantert vil huske.
Kontakt oss for tilbod.
