Ishavsmuseet har tiltak for reduksjon av smittespreiing.

Ishavsmuseet har sett inn ekstraordinære tiltak for å bidra til å redusere risikoen for spreiing av koronaviruset. Vi legg vekt på å følgje dei til ei kvar tid gjeldande råda frå Folkehelseinstituttet (FHI).

God handhygiene

For å unngå smitte er det mellom anna viktig med god handhygiene. Ishavsmuseet har derfor plassert ut handdesinfeksjon på sentrale stadar i publikumsområda.

Auka reinhald

Reinhaldet på typiske overflater som vi tek på; rekkverk, dørhandtak, informasjonsdiskar betalingsterminalar m.m vert reingjort hyppig kvar dag. Reinhaldet er også intensivert på overflater som dei tilsette er i kontakt med. Det er også satt inn hyppigare reinhald av publikumstoaletta.

Hald avstand

Det er svært viktig at vi alle kan ferdast trygt både inne og ute på museumsområdet. Hald derfor god avstand til kvarandre. Ved omvisingar oppmodar vi at ein held ein avstand på minimum 1 meter. Hald avstand også ved handel i museumsbutikken vår og i museumskafeen. For sistnemnte har vi redusert talet på tilgjengelege bord og stolar for å bidra til eit trygt og smittefritt miljø.

På dei ulike publikumsområda innomhus har vi golvmerking om å halde avstand – for å gi ei påminning når du kjem på besøk til oss.

Betaling

Bruk gjerne kontaktlaus betaling («tæpping») ved kjøp av museumsbillett, varer i museumsbutikken og i museumskaféen. Vi desinfiserar betalingsterminalane jevnleg.

Vi overheld dei til ei kvar tid gjeldande karantenereglane fastsett av FHI.

Vi gler oss til å sjå dykk alle  – med god avstand til kvarandre!

Velkomne til oss.