Nyhende

Natt på museet 2025

Natt på museet er utseld.

Fredag 31. januar og laurdag 1. februar 2025, klokka 18.30-22.00, inviterer Ishavsmuseet born i alderen 10 til 12 år (fødde i 2013-2015) til å bli med på å utforske museet med forskjellige aktivitetar.

Polarkveld 17. januar – Amundsens pass

«Amundsens pass – polarheltens siste reiser»

Fredag 17. januar kl. 19.00 startar ny sesong med polarkveldar på Ishavsmuseet, denne gang med forfattar Anders Bache.
Anders Bache, arkeolog og fagkonsulent ved Roald Amundsens heim på Svartskog, har unik tilgang til alt Amundsen etterlet seg.

Ny bok frå Ishavsmuseet

Ishavsdrama. Skuter og folk frå pol til pol.

Ein kunne ha fine dagar på fangst i isøydet, men oftast var det ein kamp mot naturkreftene der vêrgudane kunne vere nådelause. I denne boka er samla Ishavshistorier frå fangst og forlis gjennom heile 1900-talet. Du kan lese om selfangst på alle fangstfelta, historier frå Svalbard og om overvintringsfangst på Nordaust-Grønland.

Lutafisk 2024

Dette arrangementet er utseld.

Lutafisk på Ishavsmuseet 1. november 2024

Ishavsmuseet inviterar til årets etargilde med Lutafisk og alt godt av tilbehør, fredag 1. nov. kl. 19.00. Lutefiskbuffet med alt av godt tilbehør Kr. 315,-

Polarkveld med Robert Hermansen 11. oktober

Til haustens første polarkveld fredag 11. oktober kl. 19.00 (ny dato frå først annonsert) får Ishavsmuseet besøk av Robert Hermansen, som først og fremst vil prate om tida i Store Norske Spitsbergen Kullkompani (SNSK).

NATT PÅ MUSEET

Natt på museet for born i alderen 10-12 år.

Fredag 2. og laurdag 3. februar inviterer Ishavsmuseet born i alderen 10 til 12 år (fødde i 2012-2014) til å bli med på å utforske museet med forskjellige aktivitetar.

Polarkveld på Ishavsmuseet 26. januar 2024

19 timar på båtdekket i 45 graders slagside. Budd på døden, men håpa på berging.

Fredag 26. januar kl. 19.00 startar ein ny sesong med polarkveldar på Ishavsmuseet, og denne gong er Johannes Bjarne Alme tilbake med nytt spanande drama.
Alme tek for seg den dramatiske historia om forliset til ishavsskuta «Herøyfjord» vest av Runde i 1949. «Herøyfjord» hadde også med mannskapet på «Polarbjørn» heim frå isen.

Julebord med Ishavsmuseets Venner 8. desember

UTSELD!
Fredag 8. desember kl. 19.00 inviterer Ishavsmuseets Veneforeining til julebord på Ishavsmuseet. Venneforeininga er 25 år i år og feirar seg sjølve med open fest for alle som vil vere med, både medlemar og ikkje medlemar.

Polarkveld på Ishavsmuseet 10. november

Shetland, eit samfunn vi har mykje til felles med.

Fredag 10.november kl. 19.00 vert det polarkveld med foredrag om Shetland i Ishavsmuseet på Brandal, der får ein høyre om Shetland i dag, og historia til dette øysamfunnet som ein gong var ein del av Noreg.

Lutafisk 2023

UTSELD! Lutafisk på Ishavsmuseet 3. november 2023

Ishavsmuseet inviterar til årets etargilde med Lutafisk og alt godt av tilbehør, fredag 3. november kl. 19.00. Lutefiskbuffet med alt av godt tilbehør Kr. 295,-

Polarkveld om Ludolf Schjelderup

Fredag 13.oktober kl. 19.00 er det klart for ny polarkveld på Ishavsmuseet Aarvak i Brandal. Denne gong får museet besøk av Tore W. Topp. Han skal presentere si nye bok, og fortelje om Schjelderup Selfangstrederi – ei historie om risiko og pågangsmot. Etter foredraget vert det middag med selbiff.

Polarstar 75 år

Laurdag 26. august kl. 21.00
Dans i teltet med Cozy. Her får du alt frå rolege balladar til heftig rock’n roll. Repertoaret spenner seg frå Justin Timberlake, via Beatles til AC/DC – Alt etter kva publikum ønsker.