Om morgonen laurdag 18. august gjekk D/S «Flemsøy» ut frå Ålesund for å leite etter dei som var sakna. Skipper på «Flemsøy» var Johannes Brandal; leiar for ekspedisjonen var Johan Olsen frå Ålesund. Ekspedisjonen, som kosta 80.000,- kroner, var finansiert av fleire reiarar, med god statleg støtte. Torsdag 23. august kom «Flemsøy» til Jan Mayen. Det vart leita på begge sider av øya, men det var ikkje noko å finne som stamma frå dei sakna skutene. Dei gjekk oppunder Aust-Grønland og finkjemde Liverpool-kysten like nord for Scoresbysund. Lenger nord enn til 70 grader 22 minutt nordleg breidd kom dei ikkje på grunn av mykje is.
Ferda gjekk sørover; langsmed kysten der isen gjorde det mogeleg. Den 1. september kom skuta til Angmagssalik. Ekspedisjonsleiaren på «Flemsøy» hadde sett sin lit til, men dei kom ikkje fram på vrakgods eller opplysningar som kunne kaste lys på mysteriet.
«Flemsøy» sette kursen for Island og kom inn til Isafjord den 7. september. Derifrå gjekk dei til Siglufjördur.
Dit kom det telegram frå Langanes om at presten ved Saudanes hadde funne ein fangstbåt halvfull av sand i fjøra den 5. september. Etter mange og lange diskusjonar fekk dei kjøpt båten med sysselmannen for 250,- kroner. Det viste seg at båten var bygd av båtbyggjar Nedregaard i Ålesund og var ny av året. Først trudde ein at båten høyrde til «Lunheim». Seinare vart det slått fast at han hadde høyrt til «Heim». Av taustubbar på fangstbåten såg det ut som han var skoren frå skutesida med kniv.
At denne båten vart funnen ved Langanes styrka trua på at dei sakna fartøya kunne vere gått ned i nærleiken av Jan Mayen, då straumen herifrå går inn under kysten av Island.
I Vestisen vart det elles funne ei livbøye, men ein kunne ikkje seie om denne kom frå ei av dei sakna skutene eller frå ei som hadde vore i hardt vêr, då der kunn sto Ålesund på bøya.
Den Islandske selfangaren «Kapur» skulle også den 10. juni ha observert eit stykke av ei gråmåla skipsside på 65 grader nord og 32 grader vest. På skipssida skulle der ha vore ein del ishud, og dei kunne sjå at der var tjørepapp mellom ishuda og sida. Men dei hadde ikkje granska funnet noko nærare. Då «Flemsøy» var innom Island var «Kapur» ute på fiske og dei fekk ikkje fleire førstehands opplysningar om observasjonen.
Om kvelden den 17. september klappa «Flemsøy» til kai i Ålesund. Leiteaksjonen var slutt. Over 2500 nautiske mil hadde skuta gått på leiting etter dei sakna selfangarane. Alt dei hadde funne var fangstbåten som hadde drive i land på Langanes på Island.
Dermed laut folk forsone seg med at skutene og mennene om bord aldri ville kome heimatt.
Meir om dei forliste skutene og mannskapa finn du i skutekatalogen her på sida.