Her var det aktivitet frå tidleg i mars og utover. Det var litt hardare is her enn i Austisen, ein del ferskvassis frå Kvitsjøbukta, mange grunner, mykje straum, og stor forskjell på flo og fjøre. Mange skuteforlis, men sjeldan fare for mannskapet. Dette feltet vart stengt for norske skuter etter andre verdskrigen. Første verdskrigen førte med seg ei stortid for ishavsfangsten. Det vart kosta og rusta ut mange nye skuter. Med det auka talet på skuter og samstundes minkande resursar i Vesterisen, Danskestretet og i Austisen og i områda kring Svalbard, var det viktig å finne nye felt å fange på. Marknaden for skinn av selungar hadde vakse fram, og det var viktig å finne nye fangstfelt om ikkje det skulle verte ein kraftig tilbakegang for denne næringa. Dette var grunnlaget for at det i 1918 var fleire skuter som rusta ut for fangst i Kvitsjøen.
Allereide frå 1867 hadde skutene frå Nord-Noreg drive fangst i Kvitesjømunningen og vidare austover, men dei små skutene med segl til framdrift klarte ikkje å kome lenger inn enn til issørpa ved kanten. Inn gjennom isbaksen kom dei seg ikkje, dessutan gjekk dei til feltet så seint på våren at det var for seint til å kunne nå selkastet. I Kvitsjøen kastar (føder) Grønlandsselen i slutten av februar og i byrjinga av mars.
Skipper Sigvald Brandal med ishavsskuta ”Helga” starta i 1911 den norske fangsten inne i Kvitsjøen. Han slo seg gjennom isen og kom seg inn til selkastet. Då etterspørselen etter pelsverk kom nokre år seinare, var det Sigvald Brandal si erfaring som gjorde at skutene i 1918 gjorde eit nytt forsøk på å kome seg inn i ismassene i Kvitsjøen for å fange dei nykasta (nyfødde) grønlandsselungane. Dette lykkast dei godt med, og det var starten på meir enn 20 år med eventyrleg fangst (og fryktelege forlis) i Kvitsjøen.
Kvitsjøen viste seg raskt som eit rikt fangstfelt, så ikkje berre dei største og kraftigaste skutene gjekk dit. I forhold til ei oversegling til Vesterisen var turen til Kvitsjøen stort sett greiare. I Vesterisen vart skuter årvisst brotne ned av stor sjø og is, i Kvitesjeøen var faren isskruinga. På grunn av den store skilnaden på flo og fjøre sjø, vandrar isen mange mil ut og inn på kvart straumskifte, og over dei grunne bankane kan det lage seg til med isskruing som inga skute kunne tole.
Men sjølvsagt var det utsiktene til ein god tur som gjorde at selfangarane valde Kvitsjøen framfor Vesterisen.
I frå 1923 vart det framforhandla ein avtale med russarane som gjorde at Noreg mot ei godgjersle kunne få fangste med ein viss totaltonnasje i Kvitsjøen inn til ei rett linje mellom Kapp Orlov og Kapp Kanusjin. Der er mange historier om skuter som vart arresterte fordi dei hadde vore innafor grensa, eller som i alle fall russarane meinte hadde vore innafor grensa.
Fangstområdet Kvitsjøen reknar vi som området nord for ei rett linje mellom Kapp Orlov og Kapp Kanushin, som var konsesjonsgrensa for fangsten i mellomkrigstida. Norske farty dreiv fangst i dette området fram til og med 1939. I motsetning til i Vesterisen, der storparten av fangsten går føre seg i iskanten, var dyra i Kvitsjøen samla langt inne i isen, og ein var avhengig av gode isforhold og /eller stor motorkraft for å kome seg inn til fangsten.
Sjølv om isen var årsis, iblant med litt innblanding av ferkvassis, men såleis ikkje av ”steinrøys”-typen, var det isskruinga som var den dominerande faren på dette feltet. Det er ikkje noko anna felt som har kravd så mange skuter som Kvitsjøen. Det vert sagt at ein del skuter som gjekk på fangst utetter i 1920- og 1930-åra var i svært dårleg forfatning. Dette kan det vere greit å ta omsyn til når ein skal forklare dei mange forlisa desse åra. På folkemunne har det vore sagt at havbotnen i Kvitsjøen er fora med norske ishavsskuter.
Isskruing, stor skilnad på flo og fjøre og dermed mykje straum, og livsfarlege grunnar er nøkkelorda når det gjeld Kvitsjøen. Legg ein til konflikt med russerane om fanging på grensa, arrestasjonar, forlis, lange vandringar over isen for å finne berging, og lange opphald i land før ein fekk transport heim, så dekkjer ein mykje av det som gjekk føre seg i dei om lag tjue åra norske farty fekk drive fangst i Kvitsjøen.
Siste året norske farty fanga i Kvitsjøen, var i 1939.