Då Martin Karlsen og Kristoffer Marø bestilte den nye skuta i Skottland, meinte dei at dei hadde funne eit feiande flott namn: Polarfart. Dei oppretta også eit selskap med same namn som skulle eige skuta. Men det var nok ein og annan verftsarbeidar som drog på smilebandet der dei måla namnet på skutesida.
Engelskkunnskapane var noko svakare blant nordmenn den gongen, og det tok litt tid før eigarane innsåg at dei hadde sytt for litt latter og moro ved namnevalet. Dei engelske ordbøkene forklarer den siste delen av namnet – ”fart” – som det folkelege ordet på det som i medisinske termer heiter ”expel intestinal gas from the anus”. Altså: Å sleppe ut tarmgass. Eller fise, på meir daglegnorsk. ”Fart” i denne tydinga har vore brukt i engelsk i mange hundre år, men truleg helst i dei lågare sosiale laga. Ordet er gjerne merka med varseltrekant i ordbøkene, og merknader som ”often vulgar” og ”not in polite use”.
”Fart” er også brukt i omtale av menneske. Då er det tale om folk som er mislikte, irriterande og ubehagelege – som i ”the old fart”, den gamle surpompen.