Nordøst-Grønland

I løpet av dei første åra med selfangst kom sunnmøringane også inn til kysten av Nordaust-Grønland. Dei hadde høyrt at der fanst isbjørn, kvalross, polarrev, polarulv og reinsdyr. Men moskus hadde dei ikkje høyrt om før. Sunnmøringane tok med seg levande moskuskalvar heim for å vise at denne dyrearten fanst på Nordaust-Grønland.

Fangst av polarrev på Nordøst-Grønland
Polar-revfangst frå Nord-Aust Grønland.

Det først forsøket på overvintring vart gjort med skøyte «Idræt» i 1905/06. Men «Idræt» forliste i isen. Neste overvintringsforsøk vart gjort i 1908/09 med skøyta «Floren» og med Severin Liavaag som ekspedisjonsleiar. Liavaag sjølv og ein av mannskapet drukna under isbjørnjakt på isen. I 1909/10 overvintra ein ekspedisjon med skøyta «7de Juni» og med Vebjørn Landmark som ekspedisjonsleiar. Pionerane hadde vist at det var mogleg å overvintre og fangste på Nordaust-Grønland. Overvintringsekspedisjonane vart årvisse. Men den norske aktiviteten i området vekte mishag hos danske styresmakter, som hadde herredømme over området. Det vart konfliktar. Hallvard Devold og fire andre fangstmenn heiste 27. juni 1931 det norske flagget og okkuperte Nordaust-Grønland for Noreg. Dei kalla området Eirik Raudes Land. Danmark klaga saka inn for den internasjonale domstolen i Haag, der Noreg tapte på alle punkt. I 1959 vart all norsk aktivitet på Nordaust-Grønland avvikla. Ishavsskuta «Polarsel» henta heim folk, utstyr og fangst. Ei avdeling i Ishavsmuseet fortel meir om den norske aktiviteten på Nordaust-Grønland. I den avdelinga er det bygd ein kopi av overvintringshytta Hoelsbu som vart oppsett på Nordaust-Grønland i 1930.

Les meir om Grønland her: https://www.ishavsmuseet.no/fortellingar/nordaust-gronland-eirik-raudes-land/