Fårlegt hav – Av Ludvig Holstad
Det er året 1920 i slutten av mars månad. Ishavsskutene i Brandal har arbeidt på spreng i fleire dagar med å gjere seg klar for Vesterisen og no har dei fleste av skutene stemd til havs. Berre ei av dei vart litt etter, men i dag er også ho ferdig og har kasta laust. – Tre støyt i fløyta og der sig ho ut med landet godt nedåt lasta av alt kolet og provianten dei må ha med seg på ein slik tur. Ei vakker skute med fine linjer og tynna, skinande kvit i mastetoppen.
«Alle ishavsskuter er fine», seier nokre gutar som står og fyl henne med augo…
No nærmar ho seg Kvitneset. Om nokre minutt so er heimbygda gøymd attom fjella. – Ei 3 – 4 av karane kjem liksom tilfeldig opp frå lugaren og står attmed rekka. Nokre augnepar stirer innetter i same leid. Der ligg bygda under dei tre fjellnakkane. Kvite og raude hus og to store elvar bratt ned i sjøen. – Og kaia og sjøbudene utmed strendene. -Men attom glasrutene inne i dei mange stovene står der kvinner og stirer langt etter dei. Skuta svinga for neset, snudde stamnen mot havet og helsa på dei første dønningane. Tolv dagar etter er dei oppe på den 74 breiddegrad, midt mellom Jan Mayen og Svalbard. Skuta ligg og rid for ein sterk nordostkuling, som meir og meir nærmar seg til storm. Enno har dei ikkje vore inne i isen, og ikkje prøvt på det heller.
Den store isøyda anar dei berre som ei lysning langt nord i synsranda. – Nordostkulingen møtte dei som eit gufsande udyr med ein gong dei kom oppunder iskanten. No har dei leie her og bakka i 4 – 5 dagar og torer ikkje å kome nærare iskanten.
Her er det fårlegt hav.
Heile iskanten er i oppbrot. Store isflak kjem i vill dans unna vêret. Og trøyste dei om dei ikkje held god utkik natt og dag. Mot slutten av femte døgnet aukar kulingen til full storm. Det er ein av første dagane av april og midt i påskehelga. Dei eldre av mannskapet veit so altfor vel kva dette er for utsending. Dei er komne ut for ein av desse rasande påskestormane som er so syrgjeleg velkjende her oppe i mars og april månad. Mangt eit farty har gått til botnar her, i desse stormane. Men denne skuta er god og ho er sterkbygd og maskina arbeidar jamt og støtt.
Første dagane lempa dei mykje av kolet over bord, så no flyt ho mykje lettare. – Men likevel, havet er trugande fælt å sjå.
Mannskapet på dekk og i maskina tek sine vakter og rortørn og heng i på kvar sin post. Men stormen aukar til orkan og sjøane bryt seg inn over baug og skansekledning, gong etter gong. Herre Gud. – Ei lita treskute midt i eit rasande ishav og no er det femte døgeret dei ligg på veret. Slik kan altso ei påskehelg arte seg i Vesterisen.
-Korleis var det heime i dag tru? Var det nokon av karane som drøymde om ei lita bygd med kvitsoleier på bøen og påskeliljer i hagane ? – Det såg ut som han drøymde om noko slikt den unge fyrbøtaren, 16 år gamal og førstereisgut.
– «Står du og søv gut, pass fyren og ikkje fall i stavar.» – Det er maskinisten som syng ut.
– Oppe på brua står skipper og rormann. Augo trutne og raudsprengde av vaking og sjødriv.
-Ei klokke slår – vaktskifte -purr ut vakta. –
Klokka var fire om morgonen andre påskedag.
Då var då at det hende. – Eit berg av ein sjø, – større enn alle andre, kom i mot dei. – «Purr ut alle mann», -ordren korn kort og streng. Det var som om heile havet reiste seg fram om baugen i høgd med mastrene, – svartblått og nådelaust. Det brotnar, -det bryt. – NO ! Skuta var heilt under. Skipperen såg berre svartblåe sjøane rundt seg. Alt vart borte i kavet, skuta skalv i kvar nat og nagle. Dei på brua kneip seg fast av all makt. Kom ho opp att tru ?
Ja, – ho lyfte seg, sakte – so sakte, og sjøen vaska att over hekken. Men då såg der ut. – Heile skansekledningen var innslege. Begge kappene knuste til pinneved. Rundhuset var vekk, bommar og gaflar knuste i småbitar.
Mannskapet kom stormande opp. Ruff og kahytt var halvfulle av sjø, lasteromet like eins og sjøen strøymde inn i maskina. Skuta la seg med ein gong over og dreiv på sida. Var der noko von for dei no tru? Dei måtte få ut eit drivanker, lynande fort og det måtte lensast so ikkje fyren under dampkjelen slokna. Kvar mann i rasande arbeid. Dei reiv stormklyveren fram.
Han er trekanta – og sterke liner vart festa i kvart hjørne og dregen i hop til ein sekk. Denne sekken surra dei so fast i reiakabelen, 120 famnar lang, og hivde det ut. – Skuta dreia til litt om senn med baugen mot veret, men det vart berre ein liten frist. Påstanden var veldig. Den tjukke tunge kabelen turka opp i heile si lengd frå båretopp til båretopp. – Det var eit syn å sjå.
Ei stund i spaning, og so small det tjukke toget av og skuta la seg på tvert på nytt. Maskina hadde hangla og gått heile tida og roret var uskadd. Dette vart berginga deira . – Men sjøane vaska over dei, endå verre no enn då dei låg og dreia på veret. No var det inga anna råd enn å sløre unna, hamne kvar det ville. Dei gjekk baut og fekk surre seglduk over alle hol etter kapper og rundhus, men det var umogleg å få tette alle stader same kor dei tetta.
Å korne seg ned i lugaren var uråd, han stod halvfull av sjø, og ikkje snakk om å få lense den i slikt eit ver. Alle 16 mann måtte få plass i maskinrom og kahytt. Dei brukte fyrstonga og slo hol i skotet og fekk gjennomgang der. Hadde dagar og neter vore harde før, so vart dei verre no. Eit umenneskeleg slit, natt og dag for å halde skuta flytande. No fekk det røynast kva to det var i kvar einskild, ikkje berre av fysisk kraft, men kanskje enda meir av sjeleleg styrke.
Mat hadde dei ikkje, og uråd var det å få tak i noko om det var brukande. – Alt laust i bysse, lugar og kahytt flaut i sjø.
Men arbeidast laut det likevel av yttarste makt. Pumpene gjekk utan stans, men ein greidde ikkje å ta unna alt. Det måtte lensast attåt på harde livet. Reiskapar å hjelpe seg med fanst ikkje, det gjekk overbord med rundhuset. Dei fekk tak i ein dubbeldunk, slo stropper i og knytte i ei sterk line, so ein mann i romet til å fylle, så to mann til å hive opp og tørne. – Opp og ned – opp og ned, tørn om tørn på kvar mann, ingen kunne skyte seg unna. Eit blodslit utan måte, natt og dag av eit forfrose og daudtrøytt mannskap, utpinte av svalt og svevnløyse.
Dei som ikkje sto i lenstørn eller på brua heldt seg i maskinromet og kahytta. Der skulde 9 – 10 mann stue seg i hop og prøve å få stele seg nokre minutt med svevn, og der skulde sjøvåte klede turkast. Der var til slutt ikkje verande for lukt og damp, men kva råd er det? Der ser du karane. På dørk og rist og kjeletopp ligg daudtrøytte menn. Klarer dei denne påkjenninga alle? Det er ikkje å vente. Der ligg ein bylt for seg sjølv oppe på kjeletoppen. Han vil ikkje meir, merkeleg. Han var den største og sterkaste av alle, men viljen svikta.
«Dokke ser då vel at det ikkje nyttar meir karar, vi greier det likevel ikkje». Det var inga anna råd, dei måtte take han med makt og tvinge han i arbeid. Korleis skulle det elles gå, om ikkje alle som ein hang i det dei vann.
Og alvorstankar melde seg til nokon kvar. Der ligg ein av gutane og ber. Han var den lysteligaste av alle og ikkje så lite lettsindig og stygg i orda i kameratlaget. No tala ei høgare makt til han so pass tydeleg at han låg i rop og redsle. – Herre Gud frels oss. – Dagane går. Ei einsleg ramponert skute oppe i Nordishavet på ville floget søretter. Kvar hadde dei Jan Mayen på lag tru? Gjekk dei henne klar, eller skulle dei ende opp i brota der? Kov og kave gjorde det umogleg å sjå nokon ting. Nei, dei var sikkert komne forbi, og såg ingen ting til øya. No bar det med kurs mot Island. Men endeleg hadde også stormen sprengt seg. Som eit brølande udyr hadde han fylgt etter dei, heilt oppe frå den 74de og ned til den 68de breiddegrad.
I samfulle 12 døger hadde nordosten rasa og i 9 døger kom ikkje skipper og mannskap utor kleda. På 5 døger hadde dei ikkje smakt vått eller turt av noko slag.
Dei var no komne so langt sør at dei låg omlag midt mellom Jan Mayen og Island og då slo han havet dam stilt med ein gong. Der låg denne veldige sletta og ville dei ikkje noko vondt. Berre lange rolege dønningar etter ein vettlaus dans. Ufatteleg at dette var same havet som ville sluke dei for nokre timar sidan. No vart det råd å få lense so pass at dei nådde i litt mat av det slaget som var. Det første dei prøvde var havregryn utrørt i vatn. No fekk dei også korne seg ned i lugaren, og der såg det ut. Koppar og kar, sengeklær og gangklær og alt som laust var flaut i sjø. Oppe på bordet sto bikkja dei hadde med seg, og kvein og jamra og var vill av glede når ho såg folk igjen.
Endeleg fekk dei samband med andre skuter, som også hadde lede havari og var på heimveg. Dei fekk slepar ombord på ei av desse.
Havet var ikkje lenger roleg, veret hadde slege om til nordvest kuling og då vågde dei ikkje vera åleine på reisa over til Noreg. No gjekk det fort heimetter. Det ljosna og letta etter daudedansen. Opp under Runde komne kunne dei greie seg sjølve. Maskina rusla trufast som ho hadde gjort heile tida. Det var eit under at dei hadde greidd å halde henne i gang når det var på det verste. ·
Dei såg inn mot Breisundet, ein motorbåt kom køyrande forbi. Det var ein båt ifrå Flø, han svinga og kom tett innåt. Folka der ombord sto berre og stirde i største undring på dette fartøyet.
«Nei, Herre Gud kva er det dokke har vore ute for», ropte dei. Og dei kunne gjerne undre seg for skuta var vel eit syn å sjå. Rekke fanst ikkje på noko side. Berre ei støtte stod att her og der. Kapper og hus var borte, berre keisinga stod naken att på dekk. Og riggen? Ingenting, to snaue master med nokre tafsete togendar. Eit trøysteslaust syn.
Men der opnar Breisundet seg og kjende fjell kjem til syne. Skolma og Lesten med Sukkertoppen og Eltrane midt i mot. Vår over Brandal-bygda og midt i april månad, grønande bøar og måseskrik nede på mola. Her hadde ingen storm herja og alt var i gamle gjenge.
Men det er eit eller anna likevel. Folk treffest og spør: «Har du frett noko? » Nei. Tankane gjev ikkje fred. Dei har høyrt om storstormen oppe i isen. Men ingen veit noko. Angsten ligg i lufta, og i dei stille spørsmåla. Det lid ut på ettermiddagen. Att med eit nybygg ute i stranda står ei kvinne og heng opp kler. Dei er nyvaska og kvite. Fjellet står stupbratt og svart attanfor. Nordosten har spakna, berre lette byger inn Breisundet med sol innimellom. Ein mann står ute på ein haug og stirer, der kjem han springande og ropar noko:
«Nilla, Nilla. No kjem «Jopeter» for Kvitneset.» Ja so sanneleg der kjøme dei. Å Gudskjelov.
Skuta sig inn med stranda. På kaia hadde det alt samla seg nokre karar då skuta legg innåt. Dei ser på henne, ja, dei stirer på henne. Dei flytte auge frå det eine til det andre og bed stilt velkomne heimatt. Dei veit og skjønar alt.
Då er det at ein av karane på kaia snur skråa og seier sopass høgt at alle kan høyre det: «Å ja, alle kan sjå kva skuta he fått, men ingen veit kva folka har lide.»
Men dei som er ombord då, seier dei ingen ting? Ikkje mykje. Det ligg ikkje for dette folket å bera kjenslene utanpå i ord og åtferd. Dei seier takk og svarar at han var no noko dryg både med storm og sjø. Men førstereisguten hadde fått auge på noko oppe i vegen, og han måtte no likevel sanna at aldri hadde han sett bygda so vakker som i dag. Ein sunnmørsk vårdag med nordvestbyger og sol innimellom.
Fjorten dagar etter stod same skuta til havs på ny tur opp i same ishavet. Berre halvparten av det gamle mannskapet er med denne gongen. Den andre halvparten laut leggast inn i det store huset med dei mange sengene
Legg att eit svar