Julebord med Ishavsmuseets Venner 8. desember
Fredag 8. desember kl. 19.00 inviterer Ishavsmuseets Veneforeining til julebord på Ishavsmuseet. Venneforeininga er 25 år i år og feirar seg sjølve med open fest for alle som vil vere med, både medlemar og ikkje medlemar.

Det vert stor julematbuffet inkl. dessert, litt program postar, og bandet «The Harmonies» som består av: Sissel Elin Ruset (vokal), Jan Brandal (gitar/vokal), Johnny Ragnvald Johansen (gitar/vokal) og Marianne Karlsbakk (keyboard/vokal), spelar utover kvelden etter julemat og program. Med i programmet vert elles Johannes Alme, Ordførar Bernt Brandal, Stian Runne Brandal og fleire.
Billett julemat, program og dans kr. 450,- Bestill på tlf 95 11 76 44 e-post eller kjøp plass her: https://www.ishavsmuseet.no/produkt/julebord-med-ishavsmuseets-venner-8-desember/