Natt på museet 2025
Fredag 31. januar og laurdag 1. februar 2025, klokka 18.30-22.00, inviterer Ishavsmuseet born i alderen 10 til 12 år (fødde i 2013-2015) til å bli med på å utforske museet med forskjellige aktivitetar.
Fredag 31. januar og laurdag 1. februar 2025, klokka 18.30-22.00, inviterer Ishavsmuseet born i alderen 10 til 12 år (fødde i 2013-2015) til å bli med på å utforske museet med forskjellige aktivitetar.
Til haustens første polarkveld fredag 11. oktober kl. 19.00 (ny dato frå først annonsert) får Ishavsmuseet besøk av Robert Hermansen, som først og fremst vil prate om tida i Store Norske Spitsbergen Kullkompani (SNSK).
Fredag 26. januar kl. 19.00 startar ein ny sesong med polarkveldar på Ishavsmuseet, og denne gong er Johannes Bjarne Alme tilbake med nytt spanande drama. Alme tek for seg den dramatiske historia om forliset til ishavsskuta «Herøyfjord» vest av Runde i 1949. «Herøyfjord» hadde også med mannskapet på «Polarbjørn» heim frå isen.
Fredag 8. desember kl. 19.00 inviterer Ishavsmuseets Veneforeining til julebord på Ishavsmuseet. Venneforeininga er 25 år i år og feirar seg sjølve med open fest for alle som vil vere med, både medlemar og ikkje medlemar.
Fredag 13.oktober kl. 19.00 er det klart for ny polarkveld på Ishavsmuseet Aarvak i Brandal. Denne gong får museet besøk av Tore W. Topp. Han skal presentere si nye bok, og fortelje om Schjelderup Selfangstrederi – ei historie om risiko og pågangsmot. Etter foredraget vert det middag med selbiff.
Laurdag 26. august kl. 21.00
Dans i teltet med Cozy. Her får du alt frå rolege balladar til heftig rock’n roll. Repertoaret spenner seg frå Justin Timberlake, via Beatles til AC/DC – Alt etter kva publikum ønsker.
Fredag 25. august Kl. 19.00
Polarstar 75-års programkveld i teltet ved museet.
Torsdag 24. august
Polarkveld med isbjørnforskar Thor Larsen kl. 19.00. Potetball kl. 14.00-18.00
Utsolgt for middagsbillett – ledig til foredrag.
Polarkveld på Ishavsmuseet 21. april kl. 19.00
Utforsking av Nordaust-Grønland
Langt oppe mot nord og omringa av enorme ismassar ligg Nordaust-Grønland. I dag verdas største nasjonalpark, og sett vekk frå mannskapet ved Sledepatrulja Sirius, og eit par vêrstasjonar, er dette området tomt for menneske. Men i byrjinga av 1900-talet var Nordaust-Grønland heimstad for danske og norske fangstmenn, som med mange mil til nærmaste nabo busette seg på kysten for og drive jakt på rev og isbjørn for sal i Europa.
Det er kvinnene som står i fokus når Ishavsmuseet invitera til årets første Polarkveld fredag 24. februar kl. 19.00, og det er Anka Ryall som skal fortelje oss om dei polare kvinnene.
Natt på museet for born i alderen 10-12 år.
Fredag 3. og laurdag 4. februar 2023 kl. 19.00-22.00 inviterer Ishavsmuseet born i alderen 10 til 12 år (fødde i 2011-2013) til å bli med på å utforske museet med forskjellige aktivitetar.
Ishavsmuseet inviterar til årets etargilde med Lutafisk og alt godt av tilbehør, fredag 4. november kl. 19.00. Lutefiskbuffet med alt av godt tilbehør Kr. 280,-
UTSELD!
Polarkvelden fredag 14. oktober vert om ishavsskuta «Sjannøy» frå Ulsteinvik. Foredragshaldar er Johannes Alme, og fleire vert også med i programmet, mellom anna vert det musikalske innslag ved Sindre Løvik.
Ishavsmuseet og soknet inviterer til dagstur med «Polarstar»
Det er med stor glede og entusiasme vi inviterer deg til ein dagstur i særklasse!
Fredag 11. juni inviterer Brandalskoret og Ishavsmuseet inn til minikonsert frå dekk på ishavsskuta «Aarvak» kl. 19.00. Ei gruppe frå Brandalskoret har hatt øvingar siste året, med trygg korona-avstand, og har øvd inn eit eige reportar med nytt og gammalt stoff. Dette vil dei framføre frå dekket på «Aarvak» denne fredagen.
Boklansering med Torbjørn Folkestad på Ishavsmuseet torsdag 7. november kl. 18.00.