Polarkveld om Ludolf Schjelderup
Fredag 13.oktober kl. 19.00 er det klart for ny polarkveld på Ishavsmuseet Aarvak i Brandal. Denne gong får museet besøk av Tore W. Topp. Han skal presentere si nye bok, og fortelje om Schjelderup Selfangstrederi – ei historie om risiko og pågangsmot. Etter foredraget vert det middag med selbiff.
Boka er ei fascinerande forteljing om det kjende reiarlaget frå det vesle handelsstaden Skånland like utanfor Bodø. Dette er beretninga om polarskutene «Quest» og «Polarquest» og den legendariske ishavsskipperen og polarkjempa Ludolf Schjelderup og hans mannskap.
Forfattaren Tore W. Topp er svigerson av Ludolf Schjelderup. I boka tar han oss med på fantastiske eventyr frå mange dramatiske og spanande ekspedisjonar i Arktis. Selfangst, kvalrossfangst, dramatiske forlis, og heltemodige bergingsaksjonar, er nokre av ingrediensane.
Schjelderup var blant anna med på redningsaksjonen i 1928 da italienaren Umberto Nobiles luftskip «Italia» naudlanda på isen nord for Svalbard på vei tilbake frå Nordpolen. Nobile vart redda, men Roald Amundsen, som også deltok i leitinga, forsvann.
Forfattar Tore W. Topp fortel også om sine eigne historiske ekspedisjonar i kjølvatnet av Schjelderup og hans mannskap. Under foredraget vil han blant anna fortelje om sine fire forsøk på å kome i land på Kvitøya.
Tore W. Topp er utdanna ingeniør og siviløkonom og har hatt ei lang karriere med legestillingar og styreverv i næringslivet. I dag driv han som rådgivar i eige selskap i tillegg til arbeidet med dei historiske polarekspedisjonane.
Etter foredraget til Topp vert det i kjend stil servert middag i museet, og denne gong står det selbiff forma i bacon på menyen. Kjøp din billett her