Jan Magnus
Andre namn | Selis |
Eigar | 1950 J.M. Johansen A/S, Stamsund 1957 A/S Quest, Tromsø og Henry Olsen 1964 Ludolf Schelderup, Arne Austad og Ivar Austad 1966 P/R Arne og Ivar Austad 1970 Olav Håkstad, Seljelvnes 1982 Agnar Karlsen, Seljelvnes 1987 Sparebanken Nord Norge 1989 Agnar Karlsen 1992 Statens Fiskarbank 1992 Møre Skipsutstyr AS , Kristiansund |
Fartytype | Selfangar |
Reg. merke | N-10-HL (1950) T-36-T (1960) T-43-B (1970) T-50-B (1982) |
Heimehamn | Tromsø - Bodø |
Byggeverft | T. Sauviks båtbyggeri, Moen pr. Risør |
Byggeår | 1950 |
Byggematerial | Tre |
Mål i lengde, byggeår | 93 fot |
Mål i lengde etter ombygging | 99,8 fot |
Mål i breidde, byggeår | 23,0 fot |
Mål i djupne, byggeår | 10,5 fot |
Tonnasje | 133,32 brt 1950 231,00 brt 1982 |
Maskin, orginalt | Ruston-motor 280 hk |
Maskin, ny | 1951 Bergen-diesel 300 hk - 1971 Wichmann 400 hk (1962 mod) |
Skipperar | Henry Olsen (1952,1955) Olav Håkstad (1967) |
Ombyggingar Verft | 1983 shelterdekk, ombygging til reketrål, ved E. M. Hansens slip i Grovfjord |
Kondemnert | Kondemnert 1994 |
Utfyllande opplysningar | «Jan Magnus» Skuta var på selfangst første gongen i 1950, og kom heim frå Vesterisen med 2843 sel. I 1961 går «Jan Magnus» på grunn ved Angersholmen med full fart. Då snurparen «Dønnabuen» kjem til assistanse prøvar dei å slepe medan «Jan Magnus» brukar eiga maskin. Men sleparen ryk og «Jan Magnus» får kraftig slagside og vert fylt delvis med vatn. Mannskapet går frå borde og over i «Dønnabuen». Bergingsbåten «Achilles» vert tilkalla, men han rekk ikkje fram før klokka 13.00 neste dag. Då klokka bikkar sju på morgenen sklir «Jan Magnus» av holmen sjølv, rettar seg i sjøen, men flyt litt tungt. Skuta vert lensa og slept til Sandnessjøen for reperasjon. I 1962 endrar skuta namn til «Selis». I 1964 får «Selis» maskinhavari i Vesterisen. «Salvator» kjem til etter 6 døgn og sleper havaristen ut av isen der «Uller» kjem frå Noreg for å slepe dei heim.
|