Martha
Andre namn | "Prins Olav" |
Eigar | 1880 Joachim Henriksen, Ålesund 1906 Henrik Th. Hansen og Karl Godø, Ålesund |
Heimehamn | Ålesund |
Byggeverft | Bygd i Ålesund |
Byggeår | 1880 |
Byggematerial | Tre |
Mål i lengde, byggeår | 49 fot |
Mål i lengde etter ombygging | 1883 61,5 fot |
Mål i breidde, byggeår | 18,1 fot |
Mål i djupne, byggeår | 6 fot |
Tonnasje | 29,24 brt 39,01 brt 1883 47,06 brt 1906 |
Maskin, orginalt | Segl |
Skipperar | Lars Ask (1899) Karl Godø (1906) |
Ombyggingar Verft | Forlenga i 1883 Påbygd i høgda 1906 |
Forlist | Forliste i 1907 |
Utfyllande opplysningar | «Martha» var den 4. skuta frå Sunnmøre som gjekk ut på selfangst, det var i 1899. Dei tre første pionerskutene «Minna», Sleipner» og «Nils Liaaen» starta den sunnmørske selfangsten i 1898. «Martha» leverte etter første turen 600 sel, 30 storkobb, 2 kvalross, 6 bjørnar og 75 tønner med tran. Men det var ikkje selfangsten som først og fremst skulle føre «Martha» inn i historiebøkene. Under fangstturen i 1899 fann dei ei korkbøye med ståltrådnett rundt med ein sylinder inni. Denne viste seg å vere frå Andrèe-ekspedisjonen som letta frå Svalbard 11. juli 1897 med luftballongen «Ørnen» for å nå Nordpolen. Seinare hadde ingen høyrt frå ekspedisjonen. Fleire ekspedisjonar var sende ut for å leite etter Andrèe, og mange fangstfarty hadde gjennomsøkt nordområda i to år, utan å finne noko spor om kva som hadde hendt. På Island vart det våren 1899 funne ei flytebøye. Men flytebøya som «Martha» no hadde funne var større enn dei andre og skulle brukast til å kastast ut over sjølve polpunktet. Det var under bjørnejakt på Kong Karls land dei gjorde funne. «Martha» vert seld i 1906 og skifte namn til «Prins Olav». Under selfangst i 1907 forliser den på 73 grader nord. Mannskpet vert berga av «Gunhild» og sett på land på Island. |