Etterkvart som dei gjekk inn gjennom isen såg dei meir og meir sel. Denne var delvis nykasta(nyfødd). Dei var einaste skuta. Om kvelden såg dei tre skuter i kanten, dei låg med sløkte lanterner, spente på om dei framleis var aleine første fangstdagen. Det var dei, det var berre å starte å fangste. Isen var flott å fange på, flat som eit stovegolv, er det sagt, det var forholdsvis mildt, men noko skodde. Skyttarar og fangstfolka er på isen med hakapik og dragartau. Ungane vart avliva og dratt i store dungar, det kunne vere dungar på over 100 stykkje. Etterpå kom skuta, og ein mann sprang med ut frå skuta til dungen med jollen. Ungane vart så lagt i eit taunett – ”Piselestnett” som så vart huka på jollen – vaieren, og dregne om bord i skuta.
Fangsten gjekk føre seg i eit rivande tempo frå grålysninga om morgonen til seine kvelden. Dersom ein var så heldige i løpet av dagen at ein kom i nærleiken av skuta, kunne ein stikke om bord og hive i seg litt mat, og så var det å kome seg på isen igjen. Når mørket kom, og det vart uråd å fangste meir, kom karane flokkvis attende til skuta. I blant kunne ho vere vanskeleg å sjå, men dei visste at Bjarte hadde dei i kikerten. Han arbeidde med å jolle om bord dungane samtidig som han var på veg å hente karane.
«Då var det å kome seg i messa å få seg ein sein middag og ein Rød Mix. Så var det å kome seg på dekk og begynne å flå dagens fangst.» mintest Birger Brandal.