26. juni 1931 mottek Hallvard Devold instruksar i frå Hoel og Smedal m.fl. om korleis dei skulle gå fram for å annektere området nord for Scoresbysund, mellom 71º30´ og 75º40´N, det skulle kallast for Eirik Raudes Land. 27. juni 1931 Heiste Hallvard Devold, Søren Richter, Thor Halle, Eiliv Herdal og Ingvald Strøm flagget i Myggbukta. Flaggheisinga var tilsynelatande ein spontan aksjon frå fangstfolka. Men i realiteten var det heile ein velregissert aksjon der Smedal og Hoel hadde styringa. Eit telegram frå dei fem blei sendt til fire aviser for å løfte stemninga, før det blei sendt til statsministeren to dagar seinare.
Dette vekte stor begeistring i Noreg, men ikkje hos regjeringa, som ikkje let seg presse til å anerkjenne okkupasjonen før 10 juli. Hallvard Devold fekk politimynde for området. Den danske regjering tok saka inn for domstolen i Haag dagen etter.
«Veslekari» med skipper Paul Lillenes, på ekspedisjon med Louise A. Boyd vart første fartøy som kom inn til Myggbukta det året. (17.07.31) Louise Boyd spøkte med Devold og ville ha politimeisteren i Eirik Raudes Land til å kontrollere passet hennar.
«Polarbjørn» med skipper Kristoffer Marø var ekspedisjonsskip for NSIU og kom inn der 1. august. Adolf Hoel var ekspedisjonsleiar. «Polarbjørn» hadde med fleire journalistar frå Aftenposten, Dagbladet og Tidens Tegn i samband med flaggheisinga.