Vestad
Eigar | 1916 P/R Vestad. Knut J. Vestad, Anders Vestad og Hilmar Vestad, Sekken 1917 A/S Molde Fangst- og fiskeriselskap, Molde (Johan O. Hammerø) kr. 217.700,- 1922 Anders Lillebø og Mikal Marø, Brandal. kr. 60.000,- 1923 A/S Anders Lillebø. Anders Lillebø, Lars O. Lillebø, Mikal Marø, Ole H. Brune og Ola R. Rangseæter 1924 D/S Forland A/S (Elling Aarseth) kr. 100.000,- 1931 Selfangst & Havfiske A/S (Elling Aarseth, Edvard Leira, Peder Andresen og Per Kvien) 1936 Per Kvien, Vartdal |
Fartytype | Selfangar |
Reg. merke | M 1 M (1920) M 63 HD (1922) M 16 VD (1924) |
Heimehamn | Molde - Brandal - Vartdal |
Byggeverft | Nils K. Bolsønes ved Kyrkseterøra |
Byggeår | 1916 |
Byggematerial | tre |
Mål i lengde, byggeår | 87,9 fot |
Mål i breidde, byggeår | 22,5 fot |
Mål i djupne, byggeår | 9,4 fot |
Tonnasje | 106,6 brt |
Maskin, orginalt | J. Storvik MV 100 hk (1912 mod) |
Skipperar | J. Antonsen (1918) Knut Nakken (1919) Mikal Marø (1923-24) Johan P. Brandal Per Kvien (1935-1939) |
Forlist | Forliste 20. mars 1939 |
Utfyllande opplysningar | 18 februar 1931 rende «Vestad» i senk fiskebåten «Klar» ved Heissa. Dei prøvde å slepe båten inn på grunnare vatn, men den sokk 10 minutt etter kollisjonen. Under fangst i Stretet i 1935 vart skutene «Kvitungen», «Kviting», «Randi» og «Skansen» skruva ned 9. og 11. juli. Mannskapet på «Kvitungen» berga seg ombord i «Vestad» som gjekk til Isafjord med dei. «Vestad» forliste i storm på veg til Vestisen i 1939 etter at ein brottsjø hadde slege innover skuta i storm. Dei greidde å halde skuta lens ei periode, men då det lysna av dag og dei fekk sjå skadane innsåg dei at det var meiningslaust å fortsette til Vesterisen. Dei var då i posisjon 70 gr. 30 min nordleg og 2 gr. 30 min austleg lengd. Dei ville gå attende til Noreg, men mannskapet nekta å gå over havet åleine med skuta. Dei kravde å få gå over til «Isflora» som dei hadde lag med på overfarten. Avgjerda vart å ta seg over til «Isflora» medan veret var noko lunde bra. Ein halvtime etter at dei forlet skuta så sokk ho i havet. Noko seinare kom «Veslekari» og «Buskø» opp til dei og mannskapet på 17 vart fordelt på dei tre skutene. «Fridtjof Nansen» vart send til Vesterisen for å hente mannskapa frå «Vestad», «Vesterhavet» og «Heimland1» som forliste i same storm. Dei kom til Tromsø 3. april.
|