Vesleper (II)
Andre namn | Strandhaug (1917) Egeria (1917) Frettchen (1940-1945) |
Eigar | 1917 Edvard Michaelsen og Knut Aandahl, Kristiansund 1922 Kristiansund Kreditbank 1922 A/S Egeria (A. Grimsmo, T. Pedersen, N. Grefsnes, og O. A. Barman 1928 D/S Furenak A/S (Peder E. Aarseth, Elling Aarseth, Leonhard Birkevold og Elias Nørve) 1936 A/S Polar (Trygve Jervell, Elling Aarseth og Paal Aarseth, Ålesund) 1938 A/S Polar, Ålesund (Otto Jervell) 1952 Per Kvien, Vartdal |
Fartytype | fiskefarty - selfangar |
Reg. merke | M 85 K (1920) M 25 VD (1928) M 352 B (1936) M 9 VD (1952) |
Heimehamn | Kristiansund - Vartdal |
Byggeverft | Bolsønes Skipsbyggeri & mek verksted AS, Molde |
Byggeår | 1917 |
Byggematerial | Tre |
Mål i lengde, byggeår | 113,6 fot |
Mål i lengde etter ombygging | 123,5 fot 1934 |
Mål i breidde, byggeår | 22,8 fot |
Mål i breidde etter ombygging | 23,1 fot 1934 |
Mål i djupne, byggeår | 12,6 fot |
Mål i djupne etter ombygging | 12,9 fot 1934 |
Tonnasje | 207,81 brt 1917 222,78 brt 1920 224,93 brt 1928 221,62 brt 1934 297 brt etter ombyggingar |
Maskin, orginalt | Rosenberg MV Triple 280 ihk |
Maskin, ny | 1955 Atlas Polar 4 syl. 2T 500 hk (1932 mod) |
Ombyggingar Verft | 1920 ombygd lugarar akter og nytt lukearrangement 1928 pålagd ishud og ombygd til selfangar 1934 forlengd og ny rana baug 1947 Stor overhaling på skrog og maskin på Bolsønes verft 1954 nedrigga som ishavsskute |
Tidlegare namn | Egeria |
Kondemnert | Kondemnert i 1957 grunna kolfyr, |
Utfyllande opplysningar | Bygd som fiskedampbåten «Egeria». Ombygd til ishavsskute i 1928 og endra namn til «Vesleper». I 1940 rekvirert av tyskarane og gjeven namnet «Frettchen». I byrjinga var den med i Hafenschutzflottille Bergen som NB 08, seinare forpostbåt V 5508. Då skuta vart levert tilbake etter krigen var den i ei elendig forfatning, knapt nok heldt den seg flytande på pumpene. Det var materialmangel etter krigen og skuta var derfor ikkje ferdig reparert før sommaren 1947. «Vesleper» var no mykje oppgradert og ein moderne standar, særskilt på lugarar og bestikk med moderne apparat. Skuta hadde fått nye master av stål, og truleg var skuta den første som hadde telefon frå brua til tønna så skipperen slapp å skrike seg hes under fangst i isen. Fangstbåtane hadde også fått påhengsmotor. Noko som var ei stor nyvinning og sparde fangstfolket for mykje slit i isen. I 1948 og 1949 var «Vesleper» chartra av danske styresmakte til ulike oppdrag på Grønland. I 1954 er det slutt for «Vesleper» som selfangar. Etter fangsten i Vesterisen, der den hadde 3300 sel, hadde skuta fått ein del skade, og på veg heim frå feltet fekk dei kraftig lekkasje i baugen. Hjelpeskipet «Norsel» heldt lag med dei på oversiglinga til Noreg. Etter dette vart skuta berre nytta på fiskeri og ishuda vart teken av. «Vesleper» vart siste selfangstskute med dampmaskin. Denne vart bytta året etter då den fekk inn ein 500 hk Atlas Polar. Ved årsskifte 1957/58 vert «Vesleper» kondemnert. Under opplag i Korshamna i Hjørungavåg sleit den seg og sokk der. |