Sælen (II)

Eigar1910 Feddersen & Nissen, Hammerfest
FartytypeSelfangar
Reg. merkeF 5 H
HeimehamnHammerfest
ByggeverftBolsønes, Molde
Byggeår1910
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår92,7 fot
Mål i lengde etter ombygging105 fot
Mål i breidde, byggeår22,2 fot
Mål i djupne, byggeår11,3 fot
Tonnasje133,31 brt
Maskin, orginaltAalesund MV 80 hk
Maskin, ny1924 Aalesund MV 120 hk -1934 Aalesund MV 150 hk
SkipperarCarl Johan Wirkola (1925/1934)
Ibert Mathisen (ved forliset)
ForlistForliste ved Svalbard 1940
Utfyllande opplysningar

I 1926 fekk dei maskinskade under fangst i isen, og vart slept attende til Hammerfest av «Veiding». Ombord hadde dei 1600 sel. Året etter, i 1927, hadde dei ein fangst av 2.700 sel etter å ha vore ute i omlag 4 månadar. Skuta gjorde også ny tur til Karahavet, og hadde der ein fangst av 91 kvalros, 100 sel, 24 døde og 6 levande isbjørn, og 220 tønner spekk. I 1928 hadde «Sælen» to turar til Kvitsjøen. Det var eit vanskeleg is-år, og 19 skuter forliste der dette året. På andre tur leverte «Sælen» 219 kvalros, 60 sel, 5 isbjørn og 450 tønner spekk.

1929: Deltok 65 skuter på fangst i Kvitsjøen. «SÆlen» gjorde også dette året to turar: Resultat første tur 1.400 sel og 450 tønner spekk. 13. septemer kom «Sælen» inn frå Kvitsjøen med 144 kvalross, 120 sel, 10 isbjørn og 300 tønner spekk.

Forliste ved Sydkapplandet i Storfjorden ved Svalbard i 1940. Mannskapet tatt opp av ishavsskuta «Isbjørn» etter 13 dagar.

 

LitteraturKristoffersen: Ishavet som arbeidsplass