Raud
Eigar | 1907 ukjend 1915 A/S Sild og Sæl, (kjøpmann O.S. Solberg, Lavangen) 1920 Ibestad Sparebank 1923 A/S Sild & Sæl |
Reg. merke | T 34 H (1920) T 142 I (1923) |
Heimehamn | Harstad - Ibestad |
Byggeverft | Stord |
Byggeår | 1907 |
Byggematerial | Tre |
Mål i lengde, byggeår | 65,7 fot |
Mål i breidde, byggeår | 18 fot |
Mål i djupne, byggeår | 7,3 fot |
Tonnasje | 45 brt |
Maskin, orginalt | Segl |
Maskin, ny | Bolinder 80 hk |
Skipperar | J. Bendigsen (1918) Ole Bendigsen (1916-1923) |
Ombyggingar Verft | 1915 utrusta for selfangst |
Forlist | Forliste i Nordisen 23. juni 1923 |
Utfyllande opplysningar | 1915 ombygd for selfangst Forliste ved Moffen 1923, mannskapet teke opp av «Fredrikke». Før dei gjekk til Nordisen hadde skuta vore på fangst i Kvitesjøen. Men etter å ha lege fast her i 8 dagar i skruis fann dei det best å ikkje gå inn i isen igjen der, men heller prøve kobbefangst i Nordisen. Dei kursa for vestsida av Spitsbergen og nordover gjennom Forlandssundet. Nord for Spitsbergen vart dei innestengd av isen, og same kor dei stanga i råka nytta det ikkje, isen sette meir og meir saman kring om skuta. Til slutt var det berre kjølen igjen som var under isen, og dei sette plank på sidene så den ikkje skulle velte. Mannskapet ville prøve å få den lenger fram mot ei opa råk, og med hakker og spade kjempa dei lenge med å lage ei slags renne i isen. Dette fungerte og skuta glei ut i sjøen igjen. Dei rekna no med å vere fri frå isen, men isen kunne vere lunefull og isskruinga heldt fram og brått var råka borte. Skuta stod no bom fast i isen, og denne gong hadde den fått skader av isen. Ein isklump hadde kome under skuta og heile propellsystemet var skada. Propellen stod på tvers! Ein av dei som var med fortel: «Vi tok med oss dei to fangstbåtane og provianten vi hadde igjen. Skuta låg no høgt over isen, 3-4 kvartmil vest av Moffen.
Vi pakka det vi hadde berga av utstyr og proviant og begynte å drage fangstbåtane etter oss i retning til land. Av og til kom vi fram på ei råk så vi måtte ro over, og det tok vel 8 dagar før vi nådde land på Røde Bay og flytta inn i ei fangsthytte som stod der. Berre ein time seinare kom ei skute som var på egg- og dunfangst forbi, og vi bad om skyss til Green Harbourg. Dette fikk vi, og omlag eit døgn seinare kom vi fram. Her vart vi nokre dagar til Geofysisk Institutt sin båt «Fredrikke» kom innom og tok oss med attende til Harstad.» «Raud»’s mannskap ved forliset i ishavet 1923 Skipper Ole Kristian Hartvik Bendiksen 1.harpuner Karl Jensen, Tromsø
Maskinist Ragnar Nilsen, Bjørnskinn pr. Risøyhavn Maskinass. Arthur Johansen, Tennevold, Lavangen Kok Odd Olsen, hamvik Matros Seberg Nilsen, Bjørnskinn pr. Risøyhavn Thoralf Nilsen, Bjørnskinn pr. Risøyhavn Andor Olsen, Seljestad, Harstad Hans Olsen, Godfjord i Kvæfjord Svend Bendiksen, Godfjord i Kvæfjord
|
Litteratur | Kristiansen: Ishavsfart frå Gratangen og Ibestad |