Polaris
Eigar | 1914 Bergens Sælfangere A/S 1915 Peter S. Brandal 1925 Peter S. Brandal A/S 1925 Søndmøre Sælfangere A/S 1932 P/R Peter P. Brandal og Albert Hovland 1934 Ålesund Kreditbank 1934 A/S Selfangeren Polaris (Peter P. Brandal, Albert Hovland, Edv.Leira (Rieber) og Martin Karlsen - kjøpt for kr. 23.800,- |
Fartytype | Selfangar |
Reg. merke | M 10 HD |
Heimehamn | Brandal |
Byggeverft | Gunvald Ottesen, Sagvåg |
Byggeår | 1914 |
Byggematerial | Tre |
Mål i lengde, byggeår | 95,5 fot |
Mål i lengde etter ombygging | 108,9 fot 1938 - 118 fot |
Mål i breidde, byggeår | 22,5 fot |
Mål i breidde etter ombygging | 23 fot 1938 |
Mål i djupne, byggeår | 10,75 fot |
Mål i djupne etter ombygging | 11,1 fot 1938 |
Tonnasje | 155,63 brt 1914 142,28 brt 1935 177,54 brt 1938 |
Maskin, orginalt | Laxevaag 75 hk |
Maskin, ny | 1935 Union 4 syl. semidiesel 360 hk |
Skipperar | Bertel Chr. Landmark (1915-1918) Mathias H. Hjelle (1919-1921) Johan P. Runne Brandal (1921-1930) Johan Vartdal (1931) Peter P. Brandal (1932-1942) |
Ombyggingar Verft | 1935 montert semidieselmotor 1937 forlengd med 4 meter og nytt overbygg ved Hatlø |
Forlist | Forliste 16. oktober 1942 |
Utfyllande opplysningar | «Polaris» vart bygd for Bergens Sælfangerselskap, men vart kjøpt til Brandal etter berre eit år. I 1920 var «Polaris» ute for storstorm 1. påskedag i Vesterisen og miste mesanmasta. Ishavsskuta «Jopeter» gjekk det verre med, den vart heilt ramponert i stormen. «Polaris» fann dei drivande og tok dei på slep attende til Brandal. Les meir om dramatikken med «Jopeter» her: https://www.ishavsmuseet.no/blogger/faarlegt-hav/ Johan Brandal, (Runne Johan) var skipper på gamle Polaris i Kvitsjøen. Det var i den tida dei hadde stimmaskin og segl. Klyverbom til segla hadde dei naturlegvis. Så var det ein dag dei måtte ut i dønningkanten. Det var ein vaksen dønning, fortalde Johan, som sjølv stod i tønna utigjennom. Brått ser han at klyverbommen stikk inn i ein dønning og hukar under eit stort isflak som kjem seilande på dønningen. Han Johan såg, og forsto kva som var i ferd med å hende, så han bykste ut av tønna å rende seg nedover riggen i ei alvorleg fart. Heldigvis hadde han kome seg ned under lausriggen før vaierstaget frå klyverbommen stramma seg og gjorde slik at mastra brotna der oppe med godset ein stad. I 1938 sette Stortinget opp ein statsgaranti på 50.000,- til skutene «Polarbjørn» og «Polaris» for ein prøvetur på selfangst ved Newfoundland. Garantien fall vekk dersom dei hadde ein fangstverdi på over kr. 90.000,- Dei to skutene gjorde det svært godt og kom heim med ein fangstverdi på kr. 160.000,- Dette lokka fleire skuter, og i 1939 var det 8 skuter som la ut. Det vart storm i Nord-Atlanteren og dei tre skutene «Isfjell», «Nyken» og «Saltdaling» gjekk ned. Les meir om dramaet i 25 meters høge bølgjer her: https://www.ishavsmuseet.no/fortellingar/dramaet-i-nord-atlanteren-1939/ «Polaris» var også på selfangst ved Newfoundland i 1940 då krigen braut ut. Den leverte fangsten og stasjonerte deretter i St. Johns og fekk etter kvart mange ulike oppdrag for dei allierte. Lasta med flybensin eksploderte skuta mellom Cape Chidley og Resolution Island i ytre del av Hudsonstredet 16. oktober 1942. Årsaka til eksplosjonen er ikkje kjend. Mannskapet berga seg i land på Labradorkysten. |
Litteratur | Isflaket fleire utgåver Trygve Nordanger: Dramaet i Nordatlanteren |