Leidolf
Andre namn | Gurskøy |
Eigar | 1907 Johan, Paul og Peter Lillenes, Tjørvåg 1917 Johan A. Lillenes 1925 Petter, Olav og Robert Myklebusthaug, Bergsøya 1933 Lars og Enok Sporstøl, Dragsund 1940 Lars, Bjarne, Kåre og Enok Sporstøl, Dragsund 1955 Knut Bang Se. og Knut Bang jr., Ålesund 1964 Sigurd Notøy, Haugsbygda |
Fartytype | kuttergaleas |
Reg. merke | M 83 HØ |
Heimehamn | Tjørvåg |
Byggeverft | Bolsønes verft, Molde |
Byggeår | 1907 |
Byggematerial | Tre |
Mål i lengde, byggeår | 61,2 fot |
Mål i lengde etter ombygging | 73,9 fot 1938 |
Mål i breidde, byggeår | 18,3 fot |
Mål i breidde etter ombygging | 18,6 fot 1938 |
Mål i djupne, byggeår | 7,7 fot |
Mål i djupne etter ombygging | 7,4 fot 1938 |
Tonnasje | 43,08 brt 1907 64,30 brt 1938 |
Maskin, orginalt | Skandia 14 hk |
Maskin, ny | 1916 Skandia 60 hk - 1934 70 hk Wichmann - 1949 100 hk Wichmann |
Skipperar | Johan Sandvik (1911) John Lillenes (1910 og 1912-1920) |
Ombyggingar Verft | 1938 forlengd ved Smedvik mek. verksted i Tjørvåg. |
Forlist | Forliste i Ulvesundet 1967 |
Utfyllande opplysningar | Bygd for fiske i 1907, første turen vart på sildefiske ved Island same år. Første gang på selfangst i 1910, og fansta dette året 600 sel. I Kvitsjøen 1922 oppbrakt av russerane 9. mai og ført inn til Arkhangelsk med mannskap og last saman med «Hvitfjeld», «Sælfangaren», «Sæl» og «Remøy». Først ut i juli vart dei sette fri etter forhandlingar med norske og russiske styresmakter. Siste turen på ishavet truleg i 1925. I 1929 var skuta leigd ut til eit selskap som dreiv fraktfart. Etter ei tid vert skuta arrestert mistenkt for spritsmugling. Nye eigarar kjem til i 1933. I 1935 endrar båten namn til «Gurskøy». Går i fraktfart, mykje i agnfart frå Ålesund til Lofoten. I denne farta gjekk båten meste heile 1930-talet og til krigen braut ut. Båten vart etter kvart rekvirert av tyskerane, men eigarane tok opp att agnfarten etter krigen. Lasta med 900 hl sild på veg frå Kristiansund kolliderte ho med ein annan føringsbåt, «Christine» i Ulvesundet og sokk i 1967. |