Kap Flora
Eigar | 1917 Bernhard M. Thalberg, Ålesund 1919 Paul Vaagsholm, Fosnavåg 1921 Paul Vaagsholm og Peder Andresen Korsfur |
Fartytype | Selfangar |
Reg. merke | M 58 HØ |
Heimehamn | Ålesund - Herøy |
Byggeverft | Skaaluren skipsbyggeri, Rosendal |
Byggeår | 1917 |
Byggematerial | Tre |
Mål i lengde, byggeår | 90,9 fot |
Mål i lengde etter ombygging | 93 fot - 98 fot |
Mål i breidde, byggeår | 21,4 fot |
Mål i djupne, byggeår | 10,1 fot |
Tonnasje | 114,41 brt 124 brt |
Maskin, orginalt | 2 syl. comp. J. Storviks MV, Kristiansund, 100 hk |
Skipperar | Peder Andresen Korsfur (1919-1924) Otnes (1922) |
Forlist | Forliste i Kvitsjøen 25. april 1924 |
Utfyllande opplysningar | Ved forliset låg «Godøy» berre 500 meter unna. Mannskapet på «Kap Flora» fann ikkje «Godøy» i snøkaven og tok seg over isen til Murmanskkysten. Mannskapet på «Godøy» høyrde om forliset først då dei kom inn til Tromsø. 1921 vart «Kap Flora» oppbrakt i Kvitsjøen saman med D/S «Remø» og M/S «Polargutten». Brakt inn til Arkhangelsk og halden i arrest der til seinhausten same året. Mannskapet var i Vardø og henta skuta i Arkhangelsk i november/desember. I 1922 gjekk «Kap Flora» og «Sælbarden» inn til Aust-Grønland etter klappmyssfangsten i Danmarkstredet for å drive fangst på levande moskus og isbjørn. «Kap Flora» fekk 6 levande moskus og «Sælbarden» fekk 7. 9 av desse dyra vart selde til dyrehagar i Philadelphia, Washington og New York. Meir om levandefangsten av moskus her: https://www.ishavsmuseet.no/blogger/moskus-fra-gronland/ Under fangst i Kvitesjøen i 1923 misser skuta ein av sine menn. Han skulle hente ein sel som var skoten på eit isflak og hoppa frå rekka. Ingen i mannskapet såg kva som hende, men dei høyrde han datt i sjøen. Dei kasta ei bambustroe til han, men han nådde den ikkje. Dei sjøsette ein fangstbåt så raskt dei berre kunne, men før den nådde fram var mannen forsvunne. I 1924 var «Kap Flora» på veg ut av Kvitsjøen med full fangst, då stormen trefte dei 24. april. Isen denne ettermiddagen pressa inn over skuta på styrbord side samstundes som isen skrua opp skuta, og på denne måten fekk den stor skade. Straumen førte skuta i retning Kapp Orlov og dermed eit stort press frå land. Situasjonen vart etter kvart så kritisk at mannskapet samla saman eigedelane sine og gjorde seg klare til å måtte gå på isen. Ut på kvelden kom isen også veltande inn over skuta frå babord side, og «Kap Flora» vart liggande med slagside til babord. Ein kunne høyre at sjøen fossa inn i baugen. Ut på morgonsida 25. april hadde skuta blitt ført kloss oppunder land ved Kapp Terki, men då isen igjen starta å bevege seg, følgde skuta tidevatnet ut mot Kapp Orlov igjen. Så kom det ei kraftig isskruing igjen om foremiddagen, og denne knekte propellhylsa og stilken, noko som førte til at vatnet rann inn også der. Mannskapet ser at situasjonen er blitt så kritisk at dei finn det rettast å forlate skuta og kome seg på isen, for så å kome seg inn til land medan isen er tett nok til å gå på. Dei rekna med skuta var så knust at den ville gå til botnar så snart isen slakka opp. Etter ein times hard marsj over isen kom mannskapet fram til Orlov fyr der dei vart godt mottekne. Mannskapet kunne frå fyret på Orlov observere at skuta vart ført fram og tilbake med straumen, men om morgonen 26. april såg dei ikkje noko meir til skuta. Russerane kunne opplyse at dei siste gong såg den kl. 19.00 den 25. april. Då «Kap Flora» gikk ned hadde dei ein fangst på 3368 sel ombord. |