Fangstmandsperioden – og dens spor i dag.
Det er snart 60 år sidan den siste fangstmann forlèt Nordaust-Grønland. Etter eit halvt år hundre var det slutt på ei spanande epoke, der norske og danske fangstmenn hadde sitt daglege virke på Grønlands austkyst. Fangstmennene forsvann, men etterlet seg varige spor, som enno finnes. Meir enn 300 fangststasjonar og hytter, spreidd ut over området frå Mestervik til Danmarks Havn.
Etter sju års forsking og over 100 spanande intervju i Norge og Danmark, og om lag 1000 brev, lukkast Peter Schmidt Mikkelsen i 1994 å gje ut boka «NordøstGrønland 1908-60. Fangstmandsperioden». (Dansk Polarcenter).
Det er no 25 år sidan boka kom ut, og har vore utseld i mange år. I mellomtida har det skjedd mykje på Nordaust-Grønland, også med dei gamle fangsthyttene. Mange nye opplysningar har kome til. Hyttene har blitt oppmålt, fotografert og GPS merka av nonprofit organisasjonen NANOK.
Alt dette har resultert til at forfattar Peter Schmidt Mikkelsen bestemte seg for å gje ut ei ny og revidert utgåve av boka om fangstmannsperioden. Strukturen i boka er om lag som i første utgåve, men innhaldet er vesentleg utvida, bl.a. med dei seinare års NANOK aktivitet, og mange fleire foto er kome med, både nye og historiske. Dette resulterer i at den nye utgåva har blitt 50% større i sidetal enn førsteutgåva. Det er også 1.100 foto i den nye utgåva, nesten tre gongar meir enn i den første. På bakgrunn av dette har den nye utgåva også ein utvida undertittel, «Fangstmandsperioden – og dens spor i dag».
Boka er eit fantastisk dokument og oppslagsverk over aktiviteten på Nordaust-Grønland.