Fangstdameliv, Polarkveld 24. januar kl. 19.00,
Fredag 24. januar gjester Linda Bakken Ishavsmuseet Aarvak. Bakken held foredrag om fangstdameliv på Svalbard, samt om kvardagsliv i Ny-Ålesund, Longyearbyen og Sveagruva.
Linda Bakken har budd 12 år på Svalbard. Eit år levde ho som fangstdame i Mushamna ved Woodfjorden lengst nord på Spitsbergen. Dette vart eit eventyrleg år med mange minnerike opplevingar. Grunna brot med kjærasten, vart Bakken åleine deler av året. Dette skapte ekstra utfordringar, men og ei større kjensle av nærleik til naturen og meistring av utfordringar. Året i Mushamna med fangst, isolasjon, mørketid og lys blir hovudvekt i foredraget.
Bakken starta sitt Svalbardliv i Ny-Ålesund i 2005. Ishavsbyen som også blir kalla Brandal City, vart i si tid grunnlagt av folk frå Brandal. Ei lang tid med gruvedrift vart avslutta etter Kings Bay ulukka i november 1962. Staden er no ein forskingsstasjon med folk frå heile verda. Bakken budde i Ny-Ålesund i fem år, med flyplass og hamnedrift som ansvarsområde.
I 2012 byrja Bakken å arbeide for Store Norske Kullkompani i Sveagruva, der ho var operativ leiar i flytårnet. Ho budde då i Longyearbyen, og pendla på jobb med fly eller snøskuter. Når Bakken byrja i Svea, var det opp til 200 menneske der. På hennar siste jobbtur i november, var det totalt 12 stk. i Sveagruva. Bakken fortel om nedlegginga av gruvedrifta, galskapen rundt ei gruve som aldri kom i drift, og den store endringa som har skjedd dei siste åra.
Bakken bur no i Ålesund med sambuar og to born.
Du som kjem til Brandal denne kvelden, får servert filmklipp, bilete og forteljingar frå eit variert Svalbardliv. Klippfisk etter foredraget for dei som melder seg på til middag.
Velkommen!