«Polarstar» går ut på nye eventyr: – Avseglarfest på Ishavsmuseet fredag 14. juni kl. 19.00.
Etter at denne Ishavets Grand Old Lady gjekk gjennom ei omfattande restaurering i Polen er skuta no klar for ny drift igjen. Laurdag førstkomande seglar den mot nord på nye eventyr.
Men før vi kan la henne segle må det skipast til avseglarfest etter gamal tradisjon. Ishavsmuseet inviterar til avseglarfest fredag den 14. juni med selbiff og fløytepoteter på menyen. Ein god dessert høyrer også med. Her får vi også høyre meir om kva skuta skal gjere dei komande åra. Det vert nok ikkje selfangst, men mange spanande turar vil det bli. Lux & Lano vitjar oss med eit utdrag av si populære teaterframsyning der «Polarstar» hadde ei av rollene. Ingen avseglarfest utan trekkspel, og Knut Selvåg vil spele til oss utover kvelden.
Etter nokre rundar har reiaren kome til at den mest fornuftige bruken av skuta i ei periode framover vil vere reiseliv, gjerne ekspedisjonsturisme. Mats Forsberg og Ivar Haugen vil no ta henne til Tromsø som vil vere utgangspunkt for denne satsinga. Dette vil også vere i eit tett samarbeid med Ishavsmuseet Aarvak, der vi saman skal utvikle skuta til å vere eit levande dokumentasjonssenter for norsk polarfangst og historie. Ishavsmuseet vil såleis nå enno lenger ut med si formidling.
Med rundt 50 turar på selfangst og ei rekkje andre spanande oppdrag i nordområda, mangla det ikkje på dramatiske episodar i brottsjø og skruis. Likevel var det første del av 2000-talet som var mest skremmande då «Polarstar» vart berga frå opphogging to gongar. Første gong av Lars og Bjarne Brandal. «Polarstar» var slita då Willy Nesset fekk hand om skuta og redda den frå opphogging i 2008. I 2013 går «Polarstar» til Polen for restaurering i nært samarbeid med Riksantikvaren, ved VS Poland og Marine Constructions, Szczecin, sine anlegg.
- august 2017 kjem skuta heim til Brandal til ein folkefest med nær 2000 menneske som applauderte skute og reiar til kai.
«Polarstar» er ein juvel som for komande generasjonar skal minne oss om den store og dramatiske ishavshistoria som for landet vårt har hatt så stor betydning.
Laurdag ettermiddag seglar den ut på nye eventyr og du er velkomen til å vere på kaia å sjå den vel av gårde.
Påmelding til museet om du vil delta på avseglarfesten fredag. Billett for mat og underhaldning er kr. 300,-