Ishavsmuseet årsprogram 2016

Ishavsmuseet Aarvak ynskjer velkomne til eit variert program på museet i 2016. Vi meina å ha eit godt og variert tilbod til både små og store utetter året. Fleire arrangement vil kome til.

 

Fredag 29. januar kl. 19.00

Polarkveld: Per Kyrre Reymert med foredraget Ny-Ålesund – frå gruveby til forskingsbase.

Servering av klippfisk med tilbehør etter foredraget.

Fredag 19. februar kl. 19.00

Polarkveld: Audun Tholfsen med foredrag om «FRAM-2014/15″-ekspedisjonen. Audun Tholfsen dreiv, i lag med Yngve Kristoffersen, med isen om bord i luftputefartøyet «Sabvabaa» frå Nordpolen til Grønland.

Servering av fersk torsk med alt av godt tilbehør

 Fredag 11. mars kl. 19.00

Polarkveld: Arild Ulstein fortel og viser film frå fleire fangstfelt og fleire skuter på selfangst. Bl.a «Jan Mayen», «Polarstar» og «Melshorn».

Servering av saltkjøt, flesk og erter etter foredraget

 Søndag 17. april kl. 13.00

Sesongopning med søndagsmiddag, kaffi og kaker.

Film i foredragssalen, med «Polarbjørn» (II) på ekspedisjon til Jan Mayen og Aust-Grønland.

 Fredag 22. april kl. 19.00

Polarkveld: Stein Ørnhøi med foredraget «Med hakapik og filmkamera i sekken». Stein Ørnhøi var med «Polarstar» som NRK journalist på selfangst i 1968.

Servering av boknasild med tilbehør.

Søndag 1. mai kl. 13.00

Søndagsmiddag og film i foredragssalen, med «Polaris» til Grønland i 1932.

Torsdag 5. mai kl. 13.00

Potetball med alt av godt tilbehør i kafeen, Gudsteneste på Kvitneset.

 Tysdag 17. mai kl. 13.00

Svinesteik og rjomegraut i kafeen.

 Fredag 20. mai kl. 19.00

Polarkveld: polarhistorikar Kjell Kjær frå Vannareid i Troms med foredraget «Ishavsfarerne» om utviklinga i selfangsten frå 1859 til 1909. Kjær har skrive bok med same tittel. I boka har han eit eige avsnitt som heiter: «Brandal, – bygda som ble Norges selfangsthovudstad».

Bacalao-buffet med ulike bacalaotypar i kafeen.

 Torsdag 23. juni kl. 15.00-18.00

Rjomegraut i kafeen.

 Søndag 3. juli

Gudsteneste frå dekk på «Aarvak»

Søndagsmiddag med sosakjøt i kafeen.

 Laurdag 3. september

Markering av Brandal City 100 år. Avduking statue av pioneren Peter S. Brandal. Eige program kjem. Servering i kafeen laurdag og søndag.

 Fredag 16. september kl. 19.00

Polarkveld: John Giæver med film og foredrag frå ekspedisjon til søraust-Grønland i 2013. Servering i kafeen etter foredraget

 Søndag 25. september kl. 12-17

«Selvsagt er det sel»! Middag med selkjøt i mange spanande variantar. Film frå selfangst.

 Fredag 14. oktober kl. 19.00

Polarkveld.

 Søndag 23. oktober frå kl. 13.00

Søndagsmiddag.

 Fredag 4. november kl. 19.00

Lutafisk-kveld. Ishavsmuseets Venner byd inn til etargilde med Lutafisk og alt godt av tilbehør. Meir program kjem.

 Laurdag 19. og søndag 20. november

Julemesse. Den populære og årvisse kunst og håndtverksmessa er opa laurdag kl. 11-17 og søndag 12-17. Middag, kaffi og kaker.