Julemesse ved Ishavsmuseet 16. og 17. november
Den populære julemessa ved Ishavsmuseet vert i år arrangert 16. og 17. november. Pr. i dag er 37 utstillarar påmelde med standar.
Messa legg vekt på det særeigne ved handarbeid, og du vil finne mange spanande utstillarar med strikk, smykke, quilting, tre-arbeid, hekl og mykje mykje meir i Ishavsmuseet sine tre etasjar. I år kan du også sikre deg nydelig kvalbiff frå Myklbust hvalprodukt, og mykje god sjømat frå Snorre Sjømat. Hole kjøtt og Humborstad kjøtt er på plass med kjøtprodukt.
I Ishavsmuseet vil du også få servert bacalao og kjøtkaker. Kaker og sterk kaffi på ekte ishavsvis høyrer sjølvsagt med. Legg eit besøk til Brandal desse to dagane å sjå kva alle desse spanande utstillarane kan by på. Her skulle ein finne noko for ein kvar smak. Messa er open laurdag kl. 11-18 og søndag kl. 12-17.
Velkomne for ein triveleg handel. For full oversikt over utstillarane, klikk på linken under her.